Men det er altså slik med kong Harald og kronprins Haakon Magnus, at dei ikkje kan sette seg på same fly, sjølv om dei skal same plass samtidig, sånn i tilfelle det skulle gå gale; sånn at vi unngår å miste både kongen og tronarvingen i ei ulykke.
Er det rart kronprinsessa har flyskrekk? Inngift i ei slekt der dei ikkje kan fly på ferie eller oppdrag i lag i tilfelle noke skjærer seg? I ein familien der dei har eit reglement basert på at fly detter i bakken rett som det er? Og kva tankar gjer ho seg når ho blir sendt på kurs og terapi eller kva det no heiter for å overvinne flyskrekken? Når dei oppmuntrar ho til å sette seg opp i desse flya, som altså er så livsfarlige at kongen og tronarvingen ikkje kan ta sjansen på å sette beina sine i dei samtidig?
Vel, eg tvilar på at det er noken konspirasjon på gang i kongehuset, men eg begynner å lure på eit par andre ting. Når kongen og kronprinsen er i offisielle middagar; er det slik at den eine et skalldyr og den andre fjørfe, for eksempel, berre sånn for å fordele faren for matforgiftning?
Kanskje dei burde lage eit reglement som seier at kongen og tronarvingen ikkje kan vere heime på same tid? For det er jo i heimen dei fleste ulykker skjer!
ADVARSEL
Eg veit denne advarselen kjem litt seint, sidan den står nederst på sida. Uansett; eg vil advare mot eit latterlig dårlig skriftspråk her i "Arilds absurditorium", som ikkje er rikskringkastinga verdig. Men ikkje hiss deg opp og ring til Bernander i sinne, for alt har si forklaring. Desse historiene er nemlig skrive for muntlig framføring på mi langt frå gramatisk riktige dialekt. Så pliiiis; ikkje klag til sjefen min, då?