Neslecellene til brennmaneta fungerer som sanseceller og effektorar. Ein effektor er ei celle som gjer noko, for eksempel ei muskelcelle som dreg seg i hop. Ei neslecelle inneheld ein behaldar som blir kalla neslekapsel. Denne kapselen inneheld ein lang hol tråd som er vrengd med innsida ut, omtrent som fingeren på ein hanske som du har teke av i hui og hast. Mange neslekapslar inneheld gift.
Sånn fungerer den
Brennmaneta ser ut som ein juvel når den ligg og flyt i vatnet. På overflata er den mjuk å ta på, men pass deg for svitrådane som heng etter den.
På overflata til neslecella er det eit lite utskott, ein slags dings som stikk ut. Denne dingsen er følsom for den minste berøring og fungerer som ein utløysar. Viss noko kjem bort i denne utløysaren, kanskje du kjem bort i tråden på ei brenn-manet med foten din? Då blir neslecella fyrt av; ut av kapselen kjem den lange tråden. Den vrenger seg ut, sånn at den får si rette side ut. Tråden er som eit spyd som trenger seg inn i det dyret som har komme bort i cella. Gifta trenger inn i dyret. Viss det er eit lite dyr, blir det lamma sånn at brennmaneta kan dra tentaklane (dei lange trådane som heng etter maneta) opp til munnen og ”sleika” i seg byttet.
Som ei rottefelle
Krafta som fyrer av neslekapslane kjem av at kapslane har ei innebygd spenning. Ei neslecelle er som ei spent rottefelle! I tillegg er det høgt trykk inni behaldaren. Det kan samanliknast med ein ballong full med luft. Når ballongen sprekk kjem all lufta ut, og du kan kjenna det som eit vindpust. Det er på samme måten med trykket inni neslecella, og dette ”vindpustet” hjelper med å skyta nesletråden ut.
Sjå videoen om manetane (ISDN/modem) eller manetane (bredband).
Sendt på Newton søndag 12. oktober.