NRK Meny
Normal

Dyr mat er ok

Norske bønder vert stadig meir populære, derfor betaler me gjerne litt ekstra for maten, sjølv om me syns den dyr.

Illustrasjonsfoto
Foto: Rainer Prang / NRK

Hør: Dyre matvarer OK

Populære bønder

Sju av ti nordmenn meiner at norske matvarer er dyre, men me synes likevel det er greit å betale av hensyn til bøndene. Det viser ei undersøking TNS Gallup og analyseselskapet Sosioraster har gjort for Norsk Landbrukssamvirke. I følge landbruksminister Terje Riis-Larsen må nordmenn vere innstilt på enno høgare matvarepriser etter årets jordbruksoppgjer.

Samfunnsengasjement

-Nordmenn er ikkje bare forbrukara når me handler mat, gjennom forbruket vårt viser me og interesser me har som samfunnsborgara -og oppmerksomheten rundt denne sammenhengen har blitt sterkare dei siste åra, sei Oddveig Storstad, forskar ved Senter for Bygdeforskning. Ho har skrevet doktoravhandling om norske forbrukaras tillit til det norske landbruket.

-Årsaken til denne interessa for norsk landbruk er ønsket om å ta vare på kulturlandskapet, lokal matvareproduksjon og levande bygder, meiner Storstad.

Matkrisa

Kalv

Denne kalven har steget i pris de siste tre åra.

Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

Internasjonale matvarepriser har steget med 85% dei siste tre åra, men Norge har ikkje opplevd ei så stor auke.

-Me ser no at det norske systemet for landbrukspolitikk verner norske forbrukarar.

Det blir likevel viktig framover å vurdere om me har eit moralsk ansvar for å produsere meir av vår eigen mat. Dette er og viktig med tanke på miljøet, for er det riktig å bruke ressursar på å sende maten verden rundt før den havner i Norge, sei Oddveig Storstad.

Norgesglasset NRK P1