Bertine Zetlitz skal spele på Bjørnsonhuset fredag 18. juli. Ho er aktuell med plata "Sweet Injections", som har
fått gode kritikkar og salstal. Dette er den tredje plata til Zetlitz.
For debutplata "Morbid Latenight Show" (1998) fekk ho Spellemannsprisen for beste debutalbum og beste popalbum. For oppfølgaren "Beatiful So Far" (2000) fekk ho prisen for beste popsolist. I 2000 ga ho også ut ei novellesamling med tekstar basert på songane på "Beatiful So Far". I vinter har ho vore på Noregsturné, og under jazzfestivalen i sommar har altså turen komen til Molde.
Boom Boom
På avslutningsdagen, laurdag 19. juli, blir
Kaizers trekker fulle hus uansett hvor de drar, her på Roskilde i fjor sommer. Nå kommer de også til Molde. Foto: Tore Bergsaker.
det rock på utescena på Romsdalsmuseet. Då entrar Dum Dum Boys frå Trondheim scena. På 80-talet og fram mot midten av 90-talet var Dum Dum Boys eit av dei største norske banda gjennom tidene. Dei viste mellom anna at det var fullt mogeleg å bruke norske tekstar når ein spelar rock.
Både publikum og kritikarar likte Dum Dum Boys svært godt. Men i 1998 tok bandet ei pause frå plate- og turnélivet. Etter at dei ga ut samleplata "Schlägers" i 2001, har rykta gått om eit snarleg comeback. Men det er først i år bandet turnerer saman igjen. I sommar skal bandet gjere nokre få utvalgte festivaljobbar, mellom dei Moldejazz.
Norges nye popdronning, Bertine Zetlitz kommer også til Molde. Foto: Promo.
Under konserten kan kanskje publikum vente seg gjenhøyr med songar som: "Splitter pine", "Boom boom" og "En vill en".
Ompa på kontinentet
Dum Dum Boys får følgje av dei som blir rekna som arvtakarane deira i norsk rock. Kaizers Orchestra frå Bryne var ei av dei største overraskingane på platefronten i fjor med albumet "Ompa til du dør".
Kaizers spelar ei form for skeiv rock som mange fans av Tom Waits vil kunne nikke gjenkjennande til. Pumpeorgel og oljefat er mellom dei meir utradisjonelle instrumenta dei bruker på scena. I fjor gjorde bandet nesten 150 konsertar, og er kjende for å vere eit godt liveband. Tidlegare i år kom plata nummer to, "Evig pint" ut. Også denne plata har fått gode kritikkar.
Kaizers Orchestra syng på norsk, men har likevel klart å opparbeide seg eit visst publikum i utlandet. Bandet har mellom anna blitt svært populære i Danmark, der dei har turnert for fulle hus.