Hopp til innhold

Kaizers Orchestra legg ut på sin første turné på ti år

Kaizers Orchestra er tilbake. Fredag spelar dei sin første av 56 utselde konsertar i Noreg. Så ventar Europa.

Kaizers Orchestra bak f.v.: kontrabassist Øyvind Storesund, trommeslager Rune Solheim, gitarist Geir Zahl, gitarist Terje Winterstø Røthing. Foran på pumpeorgel sitter organist Helge Risa og helt i front står vokalist og låtskriver Janove Ottesen.

Ti år har gått. Fredag står Kaizers Orchestra igjen på scena i Stavanger konserthus.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Gled dykk slik som me gler oss. For dette skal berre vera ein fest.

Fredag legg Janove Ottesen og resten av Kaizers Orchestra ut på turné for første gong på ti år.

Janove Ottesen

Vokalist og låtskrivar i Kaizers Orchestra, Janove Ottesen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Dei skal spela 56 konsertar i Stavanger, Oslo, Trondheim og Bergen. Alle blei utselde i løpet av minutt.

I alt skal 82.000 publikummarar oppleva comebacket her til lands.

– Det er verdas største kjærleikserklæring. Me føler me har over 80.000 venner der ute, som me gler oss til å sjå, seier Ottesen.

Har planlagt comebacket i tre år

Det er ti år sidan Kaizers Orchestra spelte avskjedskonsertar i DNB Arena i Stavanger.

Då hadde bandet fått legendestatus med sine oljetønner, pumpeorgel og jærske dialekt.

Og nå skal gassmaskene og dei svarte dressane igjen hentast fram.

Les også Kaizers Orchestra gjenforenes etter ti år

Kaizers Orchestra bak f.v.: kontrabassist Øyvind Storesund, trommeslager Rune Solheim, gitarist Geir Zahl, gitarist Terje Winterstø Røthing. Foran på pumpeorgel sitter organist Helge Risa og helt i front står vokalist og låtskriver Janove Ottesen.

I tre år har dei planlagt comebacket.

Mykje tid har gått med til idémyldring, møteverksemd og øving.

Det siste året har bandet øvd saman éi veke kvar månad. Nå er Kaizers Orchestra endeleg klare til å visa seg fram for fansen igjen.

– Det som er heilt magisk er at me ikkje treng å gjera så mykje, me skal berre dukka opp igjen. Men fordi me dukkar opp igjen så har me lagt oss i selen og sørga for at det blir flott, seier vokalisten.

Merka for livet av Kaizers

For det er ingenting som er tilfeldig når dei nå skal entra scena igjen.

Me møter han og resten av bandet i ein pop-up butikk i Stavanger. Det er ein butikk som berre skal selja Kaizers-effektar dei dagane bandet spelar konsertar i byen.

– Skal det vera ein tur på stranda, seier Ottesen til bandkollega Geir Zahl, medan han løfter opp eit badehandkle med bandlogoen på.

Ein liknande butikk skal dei opna på dei andre konsertstadane også. Og det er på ein slik stad den ihuga fansen dukkar opp.

Kaizers Orchestra gjør comeback

Kaizers Orchestra er på sin eigen pop-up butikk i Stavanger.

Foto: Per Øystein Kvindesland / NRK

– Har du sett dette? Det er «die hard», seier Ottesen.

Ein fan har tatovert «Dine gamle dagar er nå» på armen. Det er tittelen på låten dei gav ut i juni og namnet på noregsturneen dei nå skal ut på.

Men Kaizers-fan Odd Lundga har ikkje berre ein, men to Kaizers-tatoveringar på kroppen.

– Frå dag éin har eg vore fan. Eg likar musikken. Eg er frå Nord-Noreg og me elskar at det er rått, flott og mykje lyd, seier Lundga.

Skal ta kontroll på kontinentet

– Det er ein enorm tillit og enorm kjærleik i at så mange fortel at dei har venta, seier Ottesen.

Det er på heimlege trakter i Stavanger dei nå startar sitt comeback. Tre mil frå Bryne, der Janove Ottesen og Geir Zahl vaks opp.

Men som Erling Braut Haaland vil også dei ut i Europa.

I alt er det 14 konsertar som er planlagde mellom februar og april neste år.

Datoane for konsertane ute er gjort kjent, men ikkje stadane eller landa.

Og først er det 56 konsertar her heime.

Geir Zahl er gitarist i Kaizers Orchestra.

Geir Zahl er gitarist i Kaizers Orchestra

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Me tar ein kamp om gangen, som Erling ville sagt, seier Geir Zahl.

– Er det noko du uroar deg for nå?

– Nei. Det kjem eg ikkje på, seier Ottesen.

– Eg trur folk berre skal gleda seg til det dei får og så gler me oss til det publikum skal gi oss.