Hopp til innhold

Dronninga debuterer som kunstnar

Ein draum går i oppfylling når dronning Sonja opprettar eit kunstnarstipend. Pengane kjem mellom anna frå kunstverk signert dronninga sjølv.

– Her ligg det kvalitetar som vi trur på, seier biletkunstnar Kjell Nupen.

Dronning Sonja blir kunstnar

Dronning Sonja signerer eitt av kunstverka sine. Inntektene frå salet av kunsten skal gå til eit stipend for nordiske kunstnarar. -Dette har eg drøymt om i heile mitt vaksne liv, seier dronninga.

Foto: NRK

Dronning Sonja er ein profilert kunstkjennar og -samlar, og no blir majesteten også utøvande kunstnar. Ho debuterer med åtte grafiske djuptrykk, saman med biletkunstnarane Ørnulf Opdahl og Kjell Nupen, i utstillinga «Tre reiser - tre landskap».

Med eigne fotografi frå Svalbard som utgangspunkt har dronning Sonja jobba seg gjennom den omstendelege og kompliserte prosessen det er å lage slike kunstverk.

– Eg var på Svalbard ein vinterdag i april, under snøen, i ein isgang som var heilt mørk. Eg tok bilete og vart veldig forbausa over resultatet eg såg. Det var heilt fantastisk korleis isen hadde forma desse veggane, det var som å gå gjennom eit glashus, fortel dronninga til NRK.

50 eksklusive trykk

Dronninga har tatt steget ut i den utøvande kunstverda for å hjelpe unge kunstnarar. Pengane frå salet av trykka skal gå til eit nordisk stipend for papirbasert kunst som ho har oppretta saman med Nupen, Opdahl og Ole Larsen.

Det er i Larsens internasjonalt kjente trykkeri i Helsingborg at kunsten er blitt produsert, og vinnaren av stipendet får eit opphald her.

– Papirbasert kunst har ikkje vore så høgt estimert som måleriet kanskje har vore. Eg synest det er veldig hyggeleg å kunne få vere med på å inspirere unge kunstnarar, seier dronning Sonja.

I heile sitt vaksne liv har dronninga drøymt om å kunne gi ut eit slikt kunststipend. Kunstnarane har bidratt med åtte trykk kvar og opplaget skal vere på 50 signerte salseksemplar. Mange av desse er selt allereie.

– Blir heilt bergtatt

Dronning Sonja har gjort over 100 prøvetrykk før det endelege resultatet var klart, og stått for dei aller fleste av desse sjølv.

– Det å tørre å gjere noko sjølv, det er ganske utfordrande. Ein gløymer alt, jobbar til langt på natt og har ikkje tid til å ete eller nokon ting. Ein blir heilt bergtatt, for det er så spanande å sjå korleis neste plate blir sjåande ut, seier dronninga entusiastisk.

Kjell Nupen og Ørnulf Opdahl har vist dronninga den avanserte teknikken som ligg bak grafiske trykk. I timesvis har dronninga stått konsentrert over glasplatene.

– Det arbeidet vi vanlegvis har assistentar til å gjere for oss har ho gjort på eiga hand, for å kome under huda på teknikken, fortel Nupen.

Les også: Kunstentusiasten

– Kvalitetar som vi trur på

Biletkunstnarane er imponert over majesteten sitt kunstuttrykk og har blitt inspirert av å jobbe med dronninga.

– Det har vore fascinerande å sjå ei utvikling som heile tida er til stade. Det berre stig, smiler Ørnulf Opdahl.

På spørsmål om kva som kjenneteiknar kunsten til dronninga svarar Kjell Nupen slik:

– Nysgjerrigheit, audmjukskap og ærbødigheit for kunstuttrykket. Det ligg kvalitetar der som vi trur på.

Utstillinga blir å sjå første gong på Dunkers Kulturhus i Helsingborg 10. november. Stipendet blir delt ut første gong 14. juni 2012, i samband med at utstillinga kjem til Henie Onstad Kunstsenter. Deretter vil dei eksklusive kunstverka bli vist fleire stadar i Noreg.

Sjå reportasje om dronning Sonja i Dagsrevyen:

Video Dronning Sonja blir kunstnar

Dronning Sonja blir kunstnar

Kulturstrøm

  • Den nasjonale Ibsenprisen tildelt Monica Isakstuen

    Årets Ibsenpris tildeles Monica Isakstuen for stykket «Dette er ikke oss». Stykket hadde urpremiere på Den Nationale Scene 26. januar 2022.

    I sin begrunnelse skriver juryen: «Teksten maner fram en uvanlig familiedynamikk med overraskende dramaturgiske vendinger, som likevel oppleves gjenkjennelige og relevante.»

    Ibsenprisen går årlig ut til en dramatisk tekst som har hatt urpremiere eller norgespremiere ved et profesjonelt norsk teater i løpet av foregående kalenderår.

    Selve prisen er på 150.000 kroner og en statuett av Nina Sundbye. Prisen ble første gang delt ut i 1986.