Hopp til innhold

Dronningen til NRK: - Eg har ingen formell utdanning, og det har ført til ein del kritikk

I samband med at ho fyller 80 i år tysdag, opnar dronning Sonja dørene til stallen i Dronningparken som no blir ein utstillingsstad for kunst.

Dronning Sonja åpner kunststall på 80-årsdagen

Kong Harald overraska dronning Sonja då han gjorde stallen bak slottet om til kunsthall, og gav han i gåve til 80-årsdagen hennar.

Foto: Sven Gjeruldsen / Det kongelige hoff

Slottsstallen blei i mange år brukt som lager. Men i fjor gjorde dei tilsette ved slottet stallen han om til festlokale, og overraska kongeparet med ein fest. Men nokre dagar seinare fekk dronninga ei ny overrasking:

– Ein dag gjekk eg, kongen og hoffsjefen ned for å sjå kva stallen kunne brukast til. Då vi kom inn, stod heile familien her. Og eg skjøna ingen ting, fortel ho i samband med at NRK får ei eksklusiv førvisning i kunsthallen.

– Så står heile leiinga der, og min mann held ein nydeleg tale. Han fortel at rommet skal bli kalla opp etter meg, og at eg skal få fylle det med det eg ønsker.

Dronninga og kunsten

Dronning Sonja har ei stor samling av samtidskunst. Ho har også samarbeidd og gått i lære hos leiande norske kunstnarar som Ørnulf Opdahl, Kjell Nupen og Magne Furuholmen. Men i vår har også debatten gått om hennar rolle i norsk kulturliv etter at ho stilte ut under Festspillene i Bergen i mai.

Ørnulf Opdahl, Dronning Sonja og Kjell Nupen

Dronning Sonja har hatt kjende kunstnarar som Ørnulf Opdahl og Kjell Nupen som kunstmentorar.

Foto: Rolf M. Aagaard / Det kongelige hoff

No opnar ho ein permanent visingsstad for kunst, som kjem til å konkurrere med andre galleri og kunstmuseum i hovudstaden. Dronninga seier det har vore eit dilemma for henne å bli ein aktør i kulturlivet i Oslo.

– Det er sjølvsagt eit vågalt grep å ta. Eg er ein amatør, men eg har hatt gode mentorar. Men eg har ingen formell utdanning, og det har ført til ein del kritikk.

Men dronninga fryktar ikkje reaksjonar når kunsthallen opnar.

– Eg trur dette kjem til å kome både oss og galleria til gode. Vi vil samarbeide med andre kunstmuseum, slik vi allereie samarbeider med Munchmuseet.

Dronning Maud

Dronning Maud ca. 1905, gallaportrett med engelsk perletiara.

Dronning Maud var lidenskapleg oppteken av hestar og riding. Ho var med å bygge opp stallen bak slottet etter same mal som stallane ved Buckingham Palace.

Foto: Scanpix

Det var dronning Maud utvikla stallen, då ho tok med seg tradisjonen for kongeleg hestehald frå England til Norge. Stallanlegget bak slottet er bygd etter same modell som stallane ved Buckingham Palace. På det meste var det 40 hestar her.

Stallen er freda, og innvendig har dei teke vare på inventaret slik det var. Både båsane og traua står framleis langs veggane i stallen. Men for å gjere kunsthallen tilgjengeleg for folk flest, har dei laga ny dør ut mot gata utanfor. Riksantikvaren godkjende endringa fordi det hadde vore ei dør der tidlegare.

Ny kunstarena

Dronning Sonja ser på grafikk

165 norske grafikarar har gitt kvart sitt verk i gåve i samband med at dronning Sonja fyller 80 år tysdag. Verka skal utgjere opningsutstillinga til Dronning Sonja KunstStall.

Foto: Sven Gjeruldsen / Det kongelige hoff

No skal dronning Sonja fylle slottsstallen med kunst og kultur. Men den førte tida er det to andre fødselsdagsgåver som skal fylle lokalet. Regjeringa har gjeve ein kunstinstallasjon som heidrar dronning Maud. I installasjonen viser fire projektorar bilde frå fotoalbumet til dronning Maude. Måten dette blir gjort på, gir ein 3D-effekt.

Opningsutstillinga er verk frå 165 grafikarar, som er gjeve i gåve til dronninga. Det var fagorganisasjonen Norske Grafikere som hadde ideen. Og dronning Sonja er glad for å vise fram breidda i norsk grafikk på denne måten.

– Dette er ei fantastisk gåve. Alle desse bilda skal opp på veggen. Eg synest det er fenomenalt at vi har fått denne samlinga som viser breidda blant grafikarar i dag. Dette er eigentleg ei historisk hending.

Du kan sjå meir frå Dronning Sonja KunstStall i programmet «Gåva frå kongen – Dronning Sonja 80 år» på NRK1 tysdag kveld.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters