Hopp til innhold

Dette er den norske filmhausten 2017

Iskalde grøss, Dovregubbens hall og teater med Karsten og Petra er noko av det som skal lokke nordmenn inn i kinomørket denne hausten og vinteren.

Askeladden - I Dovregubbens hall

«Askeladden – I Dovregubbens hall» er ein av dei norske filmane som skal få folk inn i kinomørket denne hausten.

Foto: Nordisk Film Distibusjon/Maipo

I alt er det 16 norske filmar som skal ha premiere denne hausten. Sjangermessig spenner det seg over både drama, komediar, action, grøss og kinodokumentar. I tillegg til fire familiefilmar.

«Thelma»

Den nye filmen til Joachim Trier, «Thelma», opnar Den norske filmfestivalen i Haugesund 20. august. Eili Harboe spelar hovudrolla i filmen om ei ung kvinne som oppdagar at ho har uforklarlege krefter. Filmen blir omtala som ein romantisk overnaturleg thriller. Filmen har noregspremiere 15. september.

«Askeladden – I Dovregubbens hall»

Det har lenge vore snakk om å filmatisere dei norske folkeeventyra. Denne hausten kjem Mikkel Brænne Sandemose sin film, basert på eventyra Asbjørnsen og Moe samla inn om Askeladden. Filmen handlar om Espen Askeladd og brørne hans som må redde prinsessa, som er kidnappa av Dovregubben. Premiere: 29. september.'

«Elias og Storegaps hemmelighet»

Redningsskøyta Elias er tilbake som kinofilm for tredje gong. Denne gongen får han jobb som redningsskøyte i storbyen. Der møter han nye utfordringar, og blir nøydd til å vise at han er ein ekte helt. Premieren er 6. oktober.

«Hva vil folk si»

Den norske regissøren Iram Haq fekk mykje ros for spelefilmdebuten «Jeg er din» som kom i 2013. Denne hausten kjem den andre filmen hennar, «Hva vil folk si». Filmen handlar om 16 år gamle Nisha og dobbeltlivet ho lever som pakistansk dotter heime, og vanleg norsk ungdom når ho er ute med vennar. Filmen har premiere 6. oktober.

«Karsten og Petra lager teater»

Karsten og Petra-bøkene av Tor Åge Bringsværd og Anne G. Holt har nådd eit stort publikum, ikkje minst på grunn av tv-serien og filmane som er laga basert på dette universet. «Karsten og Petra lager teater» er den sjette kinofilmen om venneparet. I denne filmen lager barna i barnehagen teater for å samle inn pengar til ein barneheim i India som manglar elektrisitet. Filmen kjem på kino frå 27. oktober.

Dokumentar, fengselsfilm og julegrøss

20. oktober er det premiere på filmen «Skyggenes dal», regissert av Jonas Matzow Gulbrandsen. Filmen handlar om seks år gamle Aslak som opplever ei tragedie, og som byrjar å leite etter svar for å forstå det som har skjedd.

Veka etter, 27. oktober, kjem kinodokumentaren «Natta pappa henta oss». Sett frå barnet sin ståstad fortel regissør Steffan Strandberg om barndommen med ei alkoholisert mor, og draumen om å bli henta av pappa.

Filminnspilling i Gamlebyen

Frå innspelinga av fengselsfilmen «Gjengangere» i Gamlebyen i Fredrikstad.

Foto: Christian Nygaard-Monsen

Same helg kjem fengselsfilmen «Gjengangere» om den yrkeskriminelle Josef som prøver å redde ein ung kriminell frå gjengane bak murane. Leon Bashir, som har spelt i blant anna «Izzat» og «Tomme Tønner», har skrive manus, regi, er produsent og spelar hovudrolla i denne filmen.

Og 3. november byrjar nedteljinga til jul med skrekkfilmen «Juleblod». Filmen handlar om seriemordaren Nissen, som har slått til kvar juleaftan i over 13 år. På rollelista står blant andre Stig Henrik Hoff, Frank Kjosås, Truls Svendsen og Thomas Feldberg. Reinert Kiil har regien.

Veka etterpå kjem roadmovien «Rett vest» om vikarlæraren Kasper som mister jobben same dag som den transseksuelle faren hans, Georg, får mentalt samanbrot. For å kome seg vekk frå alt, legg dei ut på ei reise.

Knerten er tilbake

I den fjerde filmen om Lillebror og Knerten, «Ekspedisjon Knerten», har Lillebror ein draum om å reise på ekspedisjon. Og når Knerten brått bli borte, må Lillebror legge ut på ein farefull ekspedisjon. Familiefilmen kjem på kino frå 17. november.

Det blir meir grøss 24. november når filmen «Hjemsøkt» har premiere. Synnøve Macody Lund spelar Cathrine som arvar eit gamalt gods på landet. Ho vil selje godset, og kome seg vekk.

Same dag kjem «Kurt Josef Wagle og mordmysteriet på Hurtigruta» på kino. Dette er oppfølgaren til den første norske 3D-filmen, «Kurt Josef Wagle og lengenden om Fjordheksa». Filmane er laga av gjengen som tidlegare har laga «Kill Buljo»- og «Død snø»-filmane.

Og 8. desember kjem filmen «Kometen», som er laga av masterstudentane ved Den Norske Filmskolen. Filmen handlar om åtte år gamle Gustav som er sikker på at faren er bortført av ein UFO, sidan ein komet passerte jorda den kvelden faren forsvann.

«Den 12. mann»

Romjula er også kinohøgtid for mange. Første juledag har «Den 12. mann» kinopremiere. Thomas Gullestad spelar motstandsmannen Jan Baalsrud som må flykte frå tyske soldatar i den nordnorske vinteren. Harald Zwart har regien, medan Petter Skavlan har skrive manus. Historia blei også filmatisert av Arne Skouen i «Ni liv» frå 1957. Då spelte Jack Fjeldstad rolla som Baalsrud. Filmen blei også Oscarnominert.

Thomas Gullestad skal spille Jan Baalsrud i filmen "Den 12. mann"

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.