Fire artist-namn til Nobelkonserten er no offentleggjort. Desse speler under konserten i Oslo 11. desember:
- Gabrielle frå Noreg.
- Ustad Rahat Fateh Ali Khan frå Pakistan
- Laura Mvula frå Storbritannia.
- Girls of the World frå USA.
29 år gamle Gabrielle Leithaug er det norske namnet på lista, arrangøren skriv i pressemeldinga at ho beviser at det er mogeleg å laga fengande urban popmusikk på bergensk.
– Det er ei enorm ære og ikkje minst ei tillitserklæring. Eg er takksam og audmjuk over å få representera norsk musikk i eit så vakkert selskap som på Nobelkonserten, seier Gabrielle til NRK.
Konserten blir kringkasta globalt og når ut til potensielt 350 millionar husstandar i mellom 80 og 120 land.
– At dette blir sendt for så mange sjåarar er nok ikkje noko ein klarar å ta inn over seg før ein går av scena, seier Gabrielle.
Ei superstjerne for fred
Nobels fredspris for 2014 går til pakistanske Malala Yousafzai og indiske Kailash Satyarthi. Slik foreiner prisen dei to erkefiendane India og Pakistan, og det blir også gjenspegla i artistvalet.
Den største stjerna under Nobelkonserten er Ustad Rahat Fateh Ali Khan frå Pakistan, kjend for Bollywood-slagerar som er elska både i India og Pakistan.
– Eg vil tru at nesten alle indarar og pakistanarar kjenner til namnet hans, han er svært populær i begge landa. Musikk har ikkje noko grenser, og Ustad Rahat Fateh Ali Khan er med på å bygge bru mellom India og Pakistan, seier Nasrullah Qureshi, leiar for filmfestivalen Bollywood Fest.
Musikken til Ustad Rahat Fateh Ali Khan spenner seg frå folkemusikk til fengande Bollywood-låtar. Den pakistanske stjerneartisten har alt vore i Noreg to gonger, han har spela konsert i Operaen og Oslo Konserthus.
– Eg såg begge konsertane og eg skal sjølvsagt kjøpa billett denne gongen også, seier Qureshi.
Song inspirert av Malala
Også musikkprosjektet «Girls of the World» heidrar fredsprisvinnarane. Gruppa består av tre jenter som alle er på same alder som prisvinnar Malala. Juliana, Emily og Carmen presenterer låten «I am Malala» laga av den amerikanske låtskrivaren Jon Ingoldsby.
Han laga songen nærast i affekt, rett etter han høyrde nyheita om at Malala vart skoten i Pakistan.
– Eg spurde meg sjølv «kva kan eg gjera, av det eg kan gjera best?». Svaret kom raskt. Musikk. Lag musikk, skriv Ingoldsby i pressemeldinga.
Sjå Girls of the World framføra «I am Malala» her:
I tillegg kjem soulsongaren Laura Mvula frå Storbritannia til Nobelkonserten. Ho blir omtala som ei stigande stjerne, og har fått stor merksemd for debutalbumet «Sing to the Moon.» 28-åringen har vore nominert til BRIT-awards og Q Awards.
Nobels Fredspriskonsert blir arrangert 11. desember i Oslo Spektrum. Fleire artistar og vertskap for konserten blir annonsert seinare.