Hopp til innhold

– Målet er å ta jobben til Linn

«Nytt på Nytt» er tilbake 7. september. Men då er Linn Skåber oppteken med å spele teater, og dermed skal vikarar inn i «Gullrekka». Thomas Seltzer håper på permanent jobb.

Nytt på nytt

Thomas Seltzer er en av vikarene til Linn Skåber.

Foto: NRK

Linn Skåber

Linn Skåber tar permisjon for å spille teater på Oslo Nye.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK
kristin skogheim

Kristin Skogheim er den eneste som ikke har vært vikar tidligere.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix
Lisa Tønne

Lisa Tønne har vært vikar tidligere.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK
Thomas Seltzer

Thomas Seltzer

Foto: Erik Dyrhaug / NRK
Are Kalvø

Are Kalvø prøver seg igjen.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Fredagskvelden blir ikkje den same utan «Nytt på Nytt». Men i haust kjem panelet til å vera utan ein sentral spelar.

Linn Skåber skal nemleg spele i «Scener fra et ekteskap» på Oslo Nye Teater, og dermed må vikarar på plass.

– Kremjobben

Dei faste programleiarane, Jon Almås og Knut Nærum, får hjelp av fire kjente tv-fjes i haust.

  • Kristin Skogheim, kjent frå mellom anna trioen Melonas og programmet «Skogheim flytter inn» på TV2.

  • Lisa Tønne, også kjent som figuren Ali Reza, men du har kanskje sett ho i program som «9 av 10 nordmenn» og «Camp Senkveld» på TV2.

  • Thomas Seltzer, bassist i bandet Turboneger og programleiar i NRK-programmet «Trygdekontoret».

  • Are Kalvø, forfattar og satirikar, har mellom anna vore programleiar i NRK P2s satireprogram «Hallo i uken».

Alle skal vere programleiarar to gonger, sett bort frå Kristin Skogheim, som får sitje i stolen til Linn heile tre kveldar.

– Det blir som å ha festen i staden for å vere på festen, seier Kristin Skogheim, som ved to høve har vore gjest i programmet.

Plustseleg får ho ansvar i programmet, skal vere vertinne og tenkje på gjestene, fortel ho.

– Det blir som med alle vikarer, me prøver jo å gjere ein best mogleg jobb. Men det blir jo kjempegøy. Berre gøy! seier ho entusiastisk.

Ungdomsalibi

Kristin Skogheim meiner ho har ein fordel som vikar. Ho liknar nemleg på Linn.

Thomas Seltzer (43) si oppgåve blir å vere ungdomsalibiet, sidan hans humor vender seg til taggarar og hiphoparar, meiner han.

– Målet er å ta jobben til Linn, snart må ho bestemme seg, skal ho spele Vildanden eller skal ho vere med i «Nytt på Nytt», seier Seltzer.

– Det er jo ei stor ære å bli spurt, seier han.

– Ei gåve til folket

Lisa Tønne var vikar for Linn Skåber også sist ho tok permisjon. Ho gleder seg til å vere vikar igjen, men skal ikkje prøve å vere Skåber.

– Ingen er så god på å vere Linn Skåber som Linn Skåber, så eg får heller prøve å vere ein knakande god Lisa Tønne. Eg likar jo å sjå på meg sjølv som ei gåve, så la dette vikariatet vere mi gåve til folket, seier ho.

Tønne byrjar å få god erfaring med Nytt på nytt, og har både vore gjest og vikar. Likevel synest ho det er eit vanskeleg format å beherske.

– Formatet er litt hybrid. Det er vitsebasert, samstundes som det er dialog. Det er vanskeleg å «naile», seier ho.

Å få ein god og humoristisk flyt avheng også av korleis nyheitsbiletet ser ut.

– Alt er avhengig av nyheitene. Sist fekk eg nokre «døve» nyheiter. Nokre er jo morosame i seg sjølv, men då er utfordringa å lage vitsane endå betre, seier Tønne.

Lovar å ha på seg klede

Are Kalvø stod også på vikarlista sist, og då prøvde han å vere Linn Skåber. Det fungerte dårleg med lys austlandsrøyst, så no skal han vere seg sjølv. Det gler han seg til.

– Det er ein viktig jobb for konge og fedreland. Den nest viktigaste jobben etter ein plass i regjeringa, og det får eg nok ikkje, seier Kalvø.

Han ser ikkje på jobben som spesielt krevjande. Mest moro, men også litt ansvarsfull sidan samfunnet skal refsast kvar fredag.

Han omtalar det på denne måten:

– Det er som eit forbausande morosamt vorspiel utan alkohol.

Kva kan vi vente av deg som vikar?

– Det einaste eg kan love er vitsar, sunnmørsdialekt og eit antrekk. Eg veit ikkje kva antrekk, men klede skal eg ha på meg. Resten får bli ei overrasking, seier Kalvø.

– Morosam blanding

Prosjektleiar Guri Skavlan er «kjempehappy» med vikargjengen og meiner det er ei morosam blanding med folk dei har fått tak i.

– Det er god stemning i redaksjonen no. Det er meir enn nok å ta tak i, så vi gleder oss til å tulle og tøyse i studio, og ikkje minst møte publikum, seier Skavlan.

Fredag 7.september startar dei opp igjen på NRK1, og tradisjonen tru får du sjølvsagt eit eksklusivt førehandsklipp på NRK.no fredag formiddag før sending.

– Eg gleder meg veldig til å sjå Linn på scena, men gleder meg også til ho kjem tilbake til stolen, som ho er så raus med å låne ut, seir Guri Skavlan.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.