Hopp til innhold

Desse bileta er teikna med kulepenn

Samuel Silva meiner kulepennen er eit uoppdaga medium for å lage spektakulære bilete. Men advokaten frå Portugal driv med teikning berre på hobbybasis.

Samuel Silva
Foto: © Samuel Silva

Du hugsar kanskje permane på skriveboka di på skulen, eller notisblokka ved telefonen, som var full av krusedullar teikna med kulepenn.

Samuel Silva frå Portugal har teke skriblinga eit steg vidare, han teiknar svært realistiske bilete med farga kulepennar.

– Eg har teikna med pennar sidan eg var tolv år, og med farga pennar i eit og eit halvt år. Eg blir stadig betre og eg trur eg berre har oppnådd 15 prosent av den kvaliteten som er mogleg å oppnå med kulepenn som medium, om ikkje enda mindre, seier Silva.

– Undervurdert

Samuel Silva
Foto: © Samuel Silva

Silva har åtte Bic kulepennar i tillegg til svart. Han kjøper dei i vanlege bokhandlar eller på nett. Dei er heilt vanlege kulepennar, og teikningane er laga utan unntak med kulepenn, fortel han.

– Det som drog meg til kulepennar var utfordringa ved å prøve å skape noko bra med noko som blir brukt i kvardagen, og er undervurdert til bruk i kunst, seier Silva.

For å «blande» fargane lagar han strekar på kryss og tvers for å oppnå illusjonen om ein farge.

– Det handlar ikkje om kva du brukar, men om korleis du brukar det, seier Silva.

– Mektig medium

Samuel Silva
Foto: © Samuel Silva

Silva finn inspirasjon i det vakre ved dyr, folk og natur.

– Det er eit veldig mektig medium, sjølv om det er utruleg vanskeleg å bruke. Kulepenn kan konkurrere med olje- og akrylmåling og kva som helst anna medium, seier Silva.

Sjølv om han har lyst til å bli ein betre og betre kunstnar, så har han nok ikkje tenkt å gi opp jobben sin heilt enno.

– Eg er berre ein advokat, kunst er ein hobby for meg, sjølv om det tek 5 til 50 timar å teikne kvar teikning, seier han.

– Har blitt brukt lenge

– Eg vil ikkje seie at å teikne realistiske bilete med kulepenn er lettare enn vanskelegare enn noko anna, seier kunstnar Anders Eiebakke som sjølv har laga kunst med kulepenn som medium.

Han seier kunst med kulepenn ikkje er noko nytt.

– Kulepennen vart brukt for å sitere ein vestleg kultur, der alt skal gå fort, og også til kritikk av eldre klassisk kunst, men slik er det ikkje i dag. Sjølve kunnskapen om teikning er kanskje meir interessant i vår digitale tidsalder, seier han.

– Kulepennen har blitt brukt i kunst lenge, me har til dømes kunstnarar som Chuck Close, så eg er ikkje einig i at kulepennen er undervurdert, avsluttar han.

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP