Hopp til innhold

Flyttar grensene for kva eit fotografi kan vere

Kor mykje kan ein manipulere eit fotografi før det ikkje er eit fotografi lenger? Den svenske fotografen og retusjøren, Erik Johansson, lagar «umoglege fotografi».

Erik Johansson

Erik Johansson.

Foto: Erik Johansson

– Eg vil få det uverkelege til å sjå verkeleg ut, seier Erik Johansson.

Teknologiske framsteg har opna ei ny verd av moglegheiter og uttrykksformer innan fotokunsten, og bileta til Erik Johansson bevegar seg på grensa mellom fotografi og illustrasjon.

For han har prosessen fram til ferdig resultat så vidt begynt når han har foreviga eit motiv. Det er ideen, ikkje fotografiet, som er det viktigaste for han.

– Dei er ikkje reine fotografi, og dei er ikkje reine «retusjoner». Eg vil kanskje kalle dei «kreative fotomontasjar», seier han om bileta sine.

Erik Johansson photography

«Electric Guitar»

Foto: Erik Johansson

LES OGSÅ: Dette er ikke fotografier – det er tegninger!

Puslespel

Johansson set saman fragment frå forskjellige fotografi. Slik «fangar» han ein idé, slik tradisjonelle fotografar «fangar ein augneblink».

– Eg ser på meg sjølv som ein fotograf. Eg fotograferer materiale til ein idé eller ein effekt eg har lyst til å verkeleggjere, seier Johansson.

For å skape illusjonen av eit fotografi er det fleire ting å tenkje på. Johansson nemner tre reglar han jobbar etter i sitt foredrag på seks minutt nedanfor.

«Saumlaust»

Erik Johansson photography

«Deep Cuts»

Foto: Erik Johansson

Fyrst av alt må bileta som skal kombinerast ha same perspektiv. For det andre, så bør dei ha same lyssetjing. Til slutt må han sørgje for at det ikkje går an å sjå kvar det eine fotografiet begynner og det andre sluttar.

Det heile må gjerast så «saumlaust» som mogleg.

– Ideane kjem nesten alltid fyrst. Så fotograferer eg delane eg treng. Men eg har også eit arkiv med bilete eg har teke av til dømes himmel eller landskap, som ein ofte treng uansett. Så legg eg berre fotografia oppå kvarandre, seier han.

27-åringen flytta frå Göteborg til Berlin i fjor, og til dagleg jobbar han med retusjeringsoppdrag for andre, samt nokre reklameoppdrag.

Men draumen er å kunne jobbe med eigne bilete på heiltid.

– Om eg kunne velje, hadde eg berre jobba med eigne prosjekt, seier han.

Manipulert verkelegheit

Om Erik Johansson sine bilete ikkje er «ekte» fotografi, er Gregory Crewdson sine fotografi av ein «uekte» verkelegheit.

(Saka held fram under biletet)

Gregory Crewdson

Gregory Crewdson, Untitled (Shane), 'Beneath the Roses', 2006

Foto: © Gregory Crewdson, courtesy of Gagosian Gallery, New York and White Cube, London

Amerikanaren brukar lang tid på å iscenesetje menneske, landskap, hus og interiør, til han får det motivet han vil ha.

Med eit knips blir det foreviga, men arbeidet som blir gjort på førehand er svært omstendeleg.

(Saka held fram under bileta)

Gregory Crewdson

Gregory Crewdson, Untitled (The Father), 'Beneath the Roses', 2007

Foto: © Gregory Crewdson, courtesy of Gagosian Gallery, New York and White Cube, London
Gregory Crewdson

Gregory Crewdson, Untitled (Sunday Roast), 'Beneath the Roses', 2005

Foto: © Gregory Crewdson, courtesy of Gagosian Gallery, New York and White Cube, London

Fotoapparatet i grunn

Stenersenmuseet i Oslo stiller ut Gregory Crewdson sine verk frå 26. april til 12. august i år.

Kurator ved museet, Lars Toft-Eriksen får spørsmålet «Kva skal til for at eit fotografi er eit fotografi?»

– Det grunnleggjande kriteriet er jo at det må vere teke med eit fotoapparat. Etter det begynner grensene å flyte, seier han etter å ha grubla litt.

– Fotografiet har til alle tider blitt manipulert. Det som har endra seg er oppfatninga til tilskodarane. Det manipulerte er blitt meir tydeleg og ein del av kunstverket, held han fram.

Tidlegare var fotografiet ein meir realistisk framstilling av verkelegheita i forhold til måleriet.

Dagens fotografi er meir mediespesifikt. Nyheitsfoto skil seg frå motefoto, som igjen skil seg frå kunstfoto, og så bortover.

(Saka held fram under biletet)

Gregory Crewdson

Gregory Crewdson, Untitled (Brief Encounter), 'Beneath the Roses', 2006

Foto: © Gregory Crewdson, courtesy of Gagosian Gallery, New York and White Cube, London

Kva blir framtida?

Toft-Eriksen vil ikkje spå framtida sikkert. Men han trekkjer fram fotorevolusjonenen som ein pådrivar for fotografiet sin utvikling.

I dag har nesten alle eit digitalkamera eller ein mobiltelefon dei kan ta bilete med, og redigere dei slik dei ynskjer.

Samstundes er det framleis ein del som jobbar med analoge fotoapparat og driv med mørkeromsarbeid for å halde på det opphavlege, realistiske uttrykket.

– Folk slutta ikkje å måle då fotografiet kom, men dei bevega seg vekk frå det realistiske fordi dei fekk konkurranse, seier Toft-Eriksen.

– Dei siste 30–40 åra har me likevel sett at måleria flyttar seg mot det realistiske igjen. Så mykje kan skje, konkluderer han.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.