Nikolaj Frobenius
Den sjenerte pornografen
Gyldendal 1999
Dette er ei annleis bok - på mange måtar. Handlinga er lagt eit ikkje-eksisterande land, i framtida, og rommar intelligent samtidskritikk såvel som eit spenningsplot.
Alt dette gjer at det ikkje er mange bøker det er naturleg å samanlikne "Den sjenerte pornografen" med, ikkje eingong "Latours katalog", som var den førre romanen til Frobenius.
Forvrengt seksualitet
Det måtte einast vere på eit nokså overflatisk plan: Begge romanane handlar om forvrengt seksualitet. Men uhyggen i "Latours katalog" oppstod av perversjonar i forlenginga av Marquis de Sades liv og verk, og at sadisme kan vere uhyggeleg er ikkje så vanskeleg å forstå.
I årets bok er uhygga av eit meir ullent slag. 13-åringane Simon og Sara er vitne til mordet på ein pornomodell i heimbyen Oder, og Simon dreg til landet P for å finne mordaren og stikke ut augene på han.
Porno overalt
Valet av straffemetode er ikkje tilfeldig valt, i P eller Pornopolis er augene det sentrale sanseorganet. I bygatene heng det bilde og skjermar med mjukporno, i små, raude buer på gatehjørnene kan innbyggjarane skaffe seg virtuell sex, og når Simon blir fanga inn av hjelpeapparatet hamnar han i seksualterapi.
Innbyggjarane blir fullstendig invadert av mjukporno, men dette fører verken til kåthet eller glede. Tvert imot, menneskelege kjensler er så godt som fråverande. Dessutan fører denne bildeinvasjonen til at folk misser evna til å tenkje og hugse. Dei lever i ei evig notid full av visuelle sansestimuli.
Til å kjenne igjen, her og no
Simon prøver så tappert han kan å stå imot den massive påverkinga, men blir etterkvart sjøl ein dyktig pornofotograf, og spenninga i boka dreiar seg om korvidt han greier å halde fast ved planen sin: å blinde mordaren og dra tilbake til Oder.
Korleis det går skal ikkje røpast her, men eg røpar gjerne at dette er den eklaste og mest uhyggelege boka eg har lese på lenge, og det er positivt meint, nettopp fordi denne fokuseringa på visuelle stimulansar er til å kjenne igjen, her og no, hjå oss.
Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, 19. oktober 1999