NRK Meny
Normal

Jeg skal vise dere frykten

Nikolaj Frobenius demonstrerer nok ein gong at han er i toppsjiktet av norske forfattarar.

Nikolaj Frobenius

Nikolaj Frobenius presenterte sin bok 'Jeg skal vise dere frykten' under presentasjonen av Gyldendal Norsk forlags bokliste for høsten 2008.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Nikolaj Frobenius er ein forfattar som gjerne oppsøkjer det uklåre farvatnet mellom fiksjon og verkelege hendingar, som då han dikta seg inn i Marquis de Sades verd i ”Latours katalog” eller då han returnerte til barndommens Rykkinn i ”Teori og praksis”.

I den nyaste romanen hans ”Jeg skal vise dere frykten” går han tett på den amerikanske 1800-talsforfattaren Edgar Alan Poe, og det kjem det mykje frykteleg ut av.

Det er mykje uhygge på kyrkjegardar, bestialske mord og dveling ved sjelas nattside i historiene til Edgar Allan Poe, og Frobenius har forsynt seg raust av desse litterære rekvisittane når han her skriv historia om Poes dramatiske liv og tidlege død. Dermed trekkjer han litteraturen til Poe inn i historia om livet hans, og slikt kan ein meine mykje om, men her skal vi gå forbi akkurat det for Frobenius vrir denne gongen samankoblinga mellom dikt og liv vidare og opp på eit anna nivå og dit skal vi no.

Det er jo vanlegvis slik at diktinga hentar inspirasjon frå livet, at erfaringar blir skrivne ned og blir til historier. Men i tilfellet ”Jeg skal vise dere frykten” er dette omsnudd: Det oppdikta blir verkeleg. Ein usunt ivrig lesar av Poe ser det nemleg som si oppgåve å realisere dei groteske novellene hans. Det blir blodig, og litterært makabert blir det når identiteten til denne lesaren blir kjent. For å komplettere Poes mareritt skriv Frobenius inn ein kritikar som er fiksert på den stakkars forfattaren på ein måte som går langt utover det profejsonelle. Rufus Wilmot Griswold, som også er ein historisk person, kjenner seg tiltrekt og fråstøytt av både forfattaren og tekstene hans. Ein dag opnar Griswold seg for Poe:

"”Jeg har det også sånn”, sier Griswold lavt. ”Det er som et lyn slår ned i meg…og jeg mister hodet, forstår du, raseriet blender meg på en fryktinngytende måte. Og da, mens jeg står midt inne i det…sinnet…lyset…så kjenner jeg at Gud er i meg, at han puster i meg og kaster meg omkring inne i en virvel av rasende lys, i en pust som kan ødelegge alt omkring seg, hele denne innbilske menneskeverdenen, kan velte den over ende, og det er som Han vil vise meg det, vil fortelle meg at…alt dette…ikke finnes som noe annet enn en ønskedrøm han kan blåse vekk med den minste anstrengelse. Forstår du?”"

Den religiøse Griswold vil at kunsten skal foredle mennesket. Kampen mot Poe blir også ein kamp mot krefter i hans eige sinn. Romanen blir ein fascinerande dødsdans mellom desse tre: På den eine sida den forvirra lesaren som vil realisere forfattarens historier med kniven som våpen, på den andre sida kritikaren som vil knuse dei same historiene med verbale middel. Og mellom desse står forfattaren og prøver å fornye diktekunsten ved å utforske sjelelege irrgangar og mørke drifter. Kven som må bøte med livet, kven som drep og kva som er mordvåpenet skal ikkje røpast her, men eit finurleg poeng er at historiene, altså kunsten, kjem styrka ut av denne makabre dansen.

Å skildre Edgar Allan Poes liv med effektar henta frå forfattarens eigen litteratur er ein god ide og elegant gjennomført. Det som gjer romanen til noko meir enn ei vellykka stilstudie, er nettopp denne kampen om diktinga, ein kamp som inkluderer estetikk, etikk, begjær, sjalusi, ambisjonar og draumar - for å nemne noko. Frobenius viser igjen at fiksjonar aldri er reine. Dei klistrar seg på alt og alle og viklar seg inn i komplekse samspel så snart dei er festa til papiret.