Hopp til innhold

Overraska på direkten: – Eg kjenner på glede

Arian Engebø og Stian «Staysman» Thorbjørnsen er neste års programleiarar for Melodi Grand Prix. Fyrstnemnde fekk nyheita under sending.

Arianrhod Engebø

Arianrhod Engebø vart overraska på direkten i ettermiddag på «StudioP3».

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Eg er ekstremt overraska, seier Arianrhod Engebø.

På direktesendt radio i programmet «Studio P3» vart ho i dag overraska av Stian «Staysman» Thorbjørnsen. Gjennom ein spesialskrive låt for anledninga kunne artisten melde at ho skal vere programleiar for Melodi Grand Prix saman med han neste år.

Eg kjenner på glede og overtenning, og så klart litt redsel. Vi skal lage TV for ekstremt mange menneske, og MGP er noko mange har eit sterkt forhold til, legg Engebø til.

Også Arian har eit nært forhold til musikk-konkurransen.

Eg har alltid vore veldig glad i Melodi Grand Prix, fortset ho.

Arianrhod Engebø og Stian Staysman Thorbjørnsen

Arian og Staysman er klare for å vere programleiarar i Melodi Grand Prix 2023.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Eg har «noia»

Engebø har vorte ei kjent NRK-stemme dei siste åra. Saman med Nate Kuhunga leiar ho radioprogrammet «StudioP3». I sommar var dei også programleiarar for VG Lista topp 20.

Nå skal ho stå på scena med den folkekjære artisten frå Østfold – Staysman.

– Eg trur det blir bra. Vi har berre møttest ein gong før. Da hadde vi impro-øvingar, og vi hadde det veldig morosamt da, seier Arian.

Staysman har deltatt som artist i MGP to gongar, men han hadde aldri trudd at han nokon gong skulle få sjansen til å vere programleiar.

Det kjennest ut som ein utopi. Det er heilt fantastisk, seier han og legg til:

– Eg har framleis litt «noia», for det er nå det verkeleggjer seg kva vi skal gjere. Og eg er så glad i MGP, så eg kjenner på litt ærefrykt.

Sjå intervjuet med Staysman og Arian under:

– Det blir fest

Arian legg vidare til at både ho og Staysman er oppriktig interessert i musikken.

– Publikum kan forvente seg fyrverkeri. Vi kjem til å elske å vere ein del av musikkfesten.

Prosjektleiar i Melodi Grand Prix, Thea Flinder, er svært glad for at Staysman og Arian har takka ja til å leie Melodi Grand Prix 2023:

– Dei to er ulike profilar med ulik bakgrunn, som har til felles at dei elskar musikk og MGP.

– Vi har stor tru på at dei to saman vil lose sjåarane og artistane med smittande entusiasme, varme og sjarm når MGP startar opp den 14. januar, fortel Flinder.

På spørsmål om kva publikum kan forvente seg av dei to som duo, svarer Arian:

– Publikum kan forvente seg fyrverkeri. Vi kjem til å elske å vere ein del av musikkfesten.

Det blir fest! avsluttar Staysman.

Stian Staysman Thorbjørnsen er nytt ansikt i «Gullrekka» i høst.

Staysman har vore med i Melodi Grand Prix to gongar. Nå skal han få leie Noregs mest kjente musikk-konkurransen.

Foto: Julia Marie Naglestad

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.