Hør:
Dei fyrste menneska som kom til Norge etter den siste istida levde i ei heilt anna verd enn me nordmenn gjer i dag. På menyen stod sel, kval og sjøfugl, dei einaste trea rundt dei var små dvergbjørker som klorte seg fast i eit landskap som minner om dagens Grønland, og nokre mil unna såg dei innlandsisen ligge som eit lok over landet.
Kvifor kom dei?
Kvar kom dei frå, og korleis var livet deira?
Nokre av svara på mange ubesvarte spørsmål er å finne under torva i skogane utanfor Larvik. Der nye E18 skal gå grev mellom 25 og 30 arkeologar fram spor etter 10-12 000 år gamle buplassar. Trente auge ser kvar telt og eldstader låg, og flittige hender grev fram tusenvis av hardføre spor som pilspissar og steinøkser.
12 000 år tilbake
Det store graveprosjektet er så omfattande at utanlandske arkeologar med steinalderen som spesialfelt ber om å få delta i gravearbeidet. For medan Norge steig etter istida, ligg steinalderbuplassane under vatn mange stader i Nord-Europa.
Bli med 12 000 år tilbake i tid, høyr reportasjen der reporter Gøril Grov Sørdal møter feltleiar Astrid Nyland, arkeolog ved Kulturhistorisk museum i Oslo.
Norgesglasset sender ein serie om arkeologane si jakt fpå fortida, kvar torsdag og fredag denne sommaren.
Norgesglasset NRK P1