Hopp til innhold

Cilla Black er død

Den britiske popartisten og programleiaren Cilla Black blei funnen død i heimen sin i Marbella.

Britain British Academy Television Awards Cilla Black

BLEI 72 ÅR: Cilla Black blei først kjent som popartist frå Liverpool og konkurrerte med Beatles på starten av 60`talet om å toppe hitlistene. Seinare gjekk ho over til skodespel og programleiing på TV.

Foto: Jonathan Short / Ap

Cilla Black var blant dei mestseljande kvinnelege artistane på 1960-talet i Storbritannia med hittar som "Anyone had a heart" og "You`re My World". Seinare gjekk ho over til å bli programleiar på britisk TV for blant andre BBC og ITV.

CILLA BLACK CLIFF RICHARD 1968

MED CLIFF: Cilla Black her saman med Sir Cliff Richard på 60-talet. Begge fekk stor suksess og blei veldig kjente i Storbritannia og i verda.

Foto: Ap

Fekk helseproblem

Hennar eigentlege namn var Pricilla White og ho fekk ein BAFTA-ærespris i fjor for hennar mangeårige bidrag som artist, skodespelar og programleiar, skriv The Independent.

Dei seinare åra skal ho hatt slite med helseplager. Black fortalte blant anna at ho var ramma av leddgikt og i tillegg at ho hadde blitt døv på grunn av høyrselsskadar frå tida på The Cavern Club.

Black blei funnen i heimen sin utanfor Marbella i Spania 2. august. Britiske medier skriv at ein ventar på obduksjonsresultata, men at det tydar på at Black døde av naturlege årsaker. Cilla Black blei 72 år.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters