Fotografering!, eller det vil seie mangel på dette på Bryne, er svaret. For sorenskrivaren på Bryne vil ikkje ha filming eller fotografering under vielsane. Og det er jo litt kjedelig då, for dei som giftar seg, å ikkje få foreviga det største øyeblikket i livet, i det dei gir det viktigste løftet nokensinne.
Men er det fotoforbud, så er det fotoforbud, og eg kan ikkje anna enn å foreslå eit alternativ. Sjølvsagt ikkje eit fullgodt alternativ, men i nøden lærer som kjent kvinna... å sy, eller noke sånt.
Så kva med å gjere som aviser, som ikkje har lov til å fotografere inne i rettsalane? Dei har tegnerar, som forevigar det dei ser med blyant og papir.
Så kva med å få ein tegnar til å forevige øyeblikket der du seier ditt livs viktigste ja?
Det er berre ein ting du må passe på. Nemlig at du ikkje hyrar ein karikaturtegner. For du vil vel ikkje ha Pinocchio-nese eller at dobbelthaka di skal minne om bysta til Dolly Parton... på denne dagen då du har pynta deg meir enn nokon annan dag i livet...
Berre eit lite tips!
ADVARSEL: Eg veit denne advarselen kjem litt seint, sidan den står nederst på sida. Uansett; eg vil advare mot eit latterlig dårlig skriftspråk her i "Arilds absurditorium", som ikkje er rikskringkastinga verdig. Men ikkje hiss deg opp og ring til Bernander i sinne, for alt har si forklaring. Desse historiene er nemlig skrive for muntlig framføring på mi langt frå gramatisk riktige dialekt. Så pliiiis; ikkje klag til sjefen min, då?