Hopp til innhold
Anmeldelse

Rachel Cusk er det nye namnet for romankunst

Å lese Cusk er ei sjeldan oppleving, men det er sanneleg ikkje lett å forklare kvifor. Her er likevel eit forsøk.

Rachel Cusk, forfatter

Rachel Cusk har eit eige lag med å skildre ufullkomne og til tider latterlege sider ved livet utan å bli kynisk og utleverande.

Foto: Siemon Scammell-Katz

For å starte med alt det ikkje er: Det er i alle fall ikkje titlane: I vår kom romanen «Omriss» og no kom «Transitt» som er andre bok i ein trilogi. Ingen tenkjer dei må lese bøker med slike titlar. På eit generelt plan er heller ikkje stoffet unikt: Vi er i samliv, skilsmisse, barn, jobb og kva-gjer-vi-med-liva-våre-feltet, og der er det mange forfattarar som opererer for tida.

Så lat oss sirkle oss inn mot det spesifikke og snakke om måten Cusk tek opp desse velkjende sakene på. «Jeg hadde (…) funnet ut mer ved å lytte enn jeg noen gang hadde trodd var mulig» uttaler hovudpersonen Faye – og der har du metoden. Faye er ein fråskilt forfattar i 40-åra som sjeldan tek ordet. Den lyttande og observerande kvinna får folk til å opne seg og fortelje temmeleg usensurert om korleis dei har det og kva dei tenkjer om livet slik det har blitt. Og ikkje nok med det; dei fortel gjerne historier om andre dei kjenner i same slengen. Vi får ei kinesisk øskje av historier fortalt av handverkarar, vener, kollegaer og meir tilfeldig forbipasserande.

Dei djupare årsakene

Mens alle andre trur den polske handverkaren er lei seg fordi han lengtar etter familien, veit Faye – og lesaren – at han har kome på kant med faren som han arbeidde for heime i Polen og at det er uråd for han å arbeide der lenger. Og mens andre trur visse folk er så lenge på kontoret fordi dei har så mykje å gjere, veit vi at dei vegrar seg mot å gå heim, der er det kaos og krav og emosjonelle greier som kan kome ut av kontroll.

Den skilte Faye har flytta til London og kjøpt eit husvære som må pussast temmeleg grundig opp, mens naboane frå helvete bur i etasjen under og dæljar kosteskaftet i taket kvar gong handverkarane lagar lydar. Mens dei to barna hennar bur hjå far sin, men ringjer henne kvar gong far er ute om kvelden og det er han ofte.

Knutar

Her er det komiske og det såre to sider av same mynt. Livsvisdom, livsløgner og absurditetar avløyser kvarandre. Fleire enn den polske handverkaren opplever at livet har slått knutar på seg som det er uråd å løyse; verken den gode samtalen eller velmeinte råd fører fram.

Cusk skriv lett, humoristisk og uvanleg elegant, og flettar alle lagnadene saman med den traurige og altfor tidkrevjande renoveringa av husværet til Faye. Og ut av den lette elegansen viklar det seg store spørsmål om livet som skal levast. Cusk er ein uvanleg god fortolkar av vår tid.

Passar for deg som:

  • likar den usentimentale tilnærminga til livet

  • veit å setje pris på vakker språkføring

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters