Hopp til innhold
Anmeldelse

Monstrøst på Manhattan

Madame Nielsen lener seg tungt på avantgarde-kunstnaren Andy Warhol i denne romanen. Det er ikkje eit fast punkt.

Madame Nielsen

«Madame Nielsen» har forfatta ei mangetydig historie der det ikkje eingong er klart kven monsteret er. Her finst tre-fire aktuelle kandidatar. Lesaren må gidde å tenkje.

Foto: Pelikanen

Faste punkt har ingen plass i Madame Nielsens elles rikhaldige repertoar. Den danske forfattaren som vaks opp under namnet Claus Beck-Nielsen, tok eit resolutt grep etter han blei skilt i 2001: Han kalla 2001 for dødsåret sitt, og skjente vidare under namn som «Das Beckwerk», «Nielsen», og dei seinare åra «Madame Nielsen». Madamen framstår som ei middelaldrande, diskret sminka og konservativt kledd kvinne med eit drøymande blikk.

Vi snakkar performance på høgt nivå, inspirert av avantgarden og kven veit,- kanskje også av ikkje direkte avantgardistiske danske forgjengarar som Søren Kierkegaard og Karen Blixen, som begge nytta alter ego kvar på sin måte. Madame Nielsen tek det lenger ut. Og ja, eg nærmar meg romanen «The Monster», eg er faktisk allereie i full gang med å fortelje om den, for i tilfellet Nielsen er personen og kunstverket ikkje til å skilje frå kvarandre.

Hendingslause dagar, dødsdramatiske netter

I «The Monster» fortel Madame Nielsen historia om ein ung mann som dreg til New York tidleg på 90-talet. Han har fleire ting felles med den no «døde» Claus Beck-Nielsen, sjølv om romanen inneheld scener ingen verkelege menneske har opplevd. Han entrar Manhattan, verdas største kulisse, og spelar med. Dag og natt.

Om dagen i garasjen der Wooster Group held endelause øvingar. Ambisjonen er å entre den gigantiske scena ein dag, trass i at han står lågast på rangstigen i det strengt hierarkiske kunstnarkollektivet.

Om natta blir han køyrt gjennom eit slags warholsk redslekabinett av to bisarre tvillingar i nystrokne silkepyjamasar. Dette er det næmaste han kjem performance, om ein då ser bort frå at han ein dag kopierer kunstvideoen «Andy Warhol et ein hamburgar». Vår mann, som utfører performancen utan videodokumentasjon, liknar til forveksling på - ein ung mann som et hamburgar i New York. Kunsten er urettferdig.

Madame talar med mange tunger

Romanen er ei tragisk historie om ein ung mann som desperat leiting- ikkje etter sin eigen kjerne, men etter å nå forløysing gjennom å spele med eller spele mot det han møter.

Romanen er også ein ironisk harselas med kunstretninga der han søkjer forløysinga. Den er eit nikk til vår tid frå tidleg 90-tal. Og eit råsmart, humoristisk, dekadent, surrealistisk, ekkelt, nihilistisk -og likevel estetisk bilde av ein kultur som ikkje greier å ta inn over seg det eksistensielle alvoret anna enn som råmateriale for eit nytt og til no usett kunstuttrykk. Kort sagt: du må tenkje sjølv, for Madame taler aldri med berre ei tunge.

Men ho skriv ein særprega, elegant og intrikat prosa som løfter «The Monster» til eit uvanleg leseverdig nivå. Så blir det opp til lesaren kor mange av Madames tunger ein skal lytte til.

Passar for deg som:

  • Trur alt var mykje enklare på 90-talet
  • Har sans for eksentrisk humor av høg klasse

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters