Hopp til innhold
Anmeldelse

Ikkje føkk med naturen

Romanar kan handle om alt, dyresex inkludert. Men Loes roman «Dyrene i Afrika» etterlet seg eit stort spørsmål, nemleg: Kvifor?

Erlend Loe

«Dyrene i Afrika» er ekte loesk, skriv Marta Norheim.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Fem personar møtest etter eit føredrag og oppdagar at dei har mykje felles. Gradvis vågar dei å setje ord på det: Dei ønskjer sex med dei fem store: Elefanten, nashornet, bøffelen, løva og leoparden. Etter lengre tids halvløgner til nærståande og grundige førebuingar i gruppa dreg dei til Afrika, med litt ulike perspektiv på prosjektet viser det seg. Der blir ingenting slik dei hadde tenkt det.

Kvifor sex med dyr?

Prosjektet er ekte loesk: Eit diffust ubehag ved kulturen fører personar ut på underlege eventyr. Doppler fekk nok av trivialitetane i arbeid og familieliv, og flytta ut i naturen for å kome nærmare seg sjølv og dei store spørsmåla. I romanen L leitar ei gruppe unge uavklarte menn etter spor som kan dokumentere folkevandringar på skøyter i ei ukjend istid. Nonsens så klart, men aldri meiningslaust. Både Doppler og dei unge mennene sysla med ekte problem som dei fann fantasirike, men kanskje ikkje heilt adekvate løysingar på.

Blant våre folk i «Dyrene i Afrika» er det ikkje meir framandkjensle enn det ein gjennomsnittleg nordbu må rekne med. At dei blir dregne mot akkurat dyresex, saknar forklaring. Og saknet blir temmeleg akutt ettersom denne seksuelle legninga er, ja, vanskeleg å forstå.

Ikkje får vi hjelp til å forstå det når dei er ved målet, heller. Romanen er kysk som ein kjærleiksfilm frå femtitalet: Sexscenen nærmar seg, men i neste setning er dei i den post-coitale fasen. At personane tydelegvis har opplevd noko sterkt som vi ikkje fekk vere med på, blir ein påstand som ikkje står til truande.

Eit sært påfunn

OK, dette er ikkje dyreporno. Det er heller ikkje eit forsøk på å forstå ein seksuell minoritet. Kan det vere ein allegori over at mennesket utnyttar og øydelegg alt anna liv? Ein forvrengt draum om å vende tilbake til naturen? Eller eit bilde på ein kultur der alt er så lett tilgjengeleg at somme søkjer botemiddel mot keisemda i eksotiske og bisarre nytingar? Romerriket fall då dei nådde den fasen. No har Europa dei same symptoma. Er det der romanen er?

Kanskje. Men same kva for lesemåte eg prøver, så fungerer det ikkje. Eg trur ikkje på personane. Eg trur på dragane i Game of Thrones, eg trur på tussar og troll og zombiar og stjernekrigar så lenge eg er inne i dei ulike universa. Eg trur ikkje på «Dyrene i Afrika». Eg blir ikkje nysgjerrig på kva som driv personane mot dyresex. Eg synst ikkje eingong synd på dyra.

Romanen verkar som eit sært påfunn, ein ide som har blitt forlatt i lause lufta. Og då hjelper det ikkje at Loes humor og blikk for menneskelege særdrag er rikeleg til stades i romanen.

Passar for deg som:

  • vil ha med deg alle Erlend Loe-romanar uansett

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters