Hopp til innhold
Anmeldelse

Borgarkrigsroman som vil for mykje

Borgarkrig – i Danmark. Kva skal til for at dette går frå luftig fantasi til blodig realitet? Kaspar Colling Nielsen tek saka i denne kunnskapsrike, tankevekkjande og burleske romanen. Dessverre slepper han spørsmålet for tidleg.

Kaspar Colling Nielsen

Forfattar Kaspar Colling Nielsen meistrar det groteske så vel som det fantastiske, meiner litteraturkritikar Marta Norheim.

Foto: Pressebilde

Den økonomiutdanna forfattaren Kaspar Colling Nielsen spinn vidare på velkjende tendensar i tida: lettsindig lånepolitikk, økonomisk krise, auka gap mellom fattige og rike, velferdsstaten forvitrar, folk er rasande på politikarar og bankfolk og møter opp til massedemonstrasjonar.

Så skrur Colling Nielsen det til, og gjer konflikten valdeleg. Før året 2018 er omme, har københavnarane jubla over halshogging av politikarar på torget. Opposisjonen samlar seg i Borgerfronten som straks får ein svært ytterleggåande fløy som ikkje berre vil endring men også hemn. Og ikkje berre hemn, men også tortur og drap. «Den danske borgerkrig 2018-24» er i gang.

Sadisten i oss alle

Det bur ein sadist i oss alle, og grunnen til at få eksponerer denne sida i vårt verdshjørne, er at vi har det så trygt at vi ikkje treng å kjempe for livet. Gløym idear om danning, kultur og moralske normer. Villdyret kan vakne før du veit ordet av det. Colling Nielsen ser endå mørkare på mennesket enn dystopikarar flest.

Men han skrur vidare. Forteljaren, ein rik 25-åring som sympatiserte med Borgerfronten i starten, har kjøpt seg inn i eit stamcelleprosjekt som gjer at han kan leve svært lenge. 475 år gammal set han seg til å skrive ned denne historia. Steingamle folk, snakkande hundar og tenkande tomatar er moro nok det, og det er all grunn til å tenkje over kva ein kan gjere med stamceller, men hei! Du har starta ein borgarkrig her! Eg vil vite kva som skjedde i 2025! Korleis blei den danske freden?

Avsporande tidsreise

Hunden Geoff, som også er med i stamcelleprogrammet, grev seg ned i sjølvrefleksjon og skam når dei tek i bruk den svært tvetydige talegåva. Slike kjensler er ikkje ukjende for mennesket; men når hunden innser at han bruker livet sitt til å snuse artsfrendar i rompa og springe etter pinnar, er depresjonen eit faktum. Han gomlar framleis hundedrit, men alltid i løynd.

Forfattaren meistrar altså det groteske så vel som det fantastiske. Eigaren av den deprimerte hunden får fiksa nasen så luktesansen blir kraftig forsterka. Sanseopplevingane er fantastiske, mens omverda blir irrelevant. Tankevekkjande? Javisst, men igjen: Kva med krigen?

Stamcelleprogrammet og ei rekkje nokså frittståande fantastiske historier avsporar krigstemaet. OK, sadismen under krigen og cellemanipuleringa har begge noko med utforsking av det menneskelege registeret å gjere. Men forfattaren slepper sjølve krigsforløpet for tidleg og temaet blir hengande i lause lufta.

Colling Nielsen er ein interessant forfattar som hadde vore meir interessant om han hadde landa krigsprosjektet.

Passar for deg som:

  • lurer på om mennesket er godt på botnen
  • trur at evig liv på jorda er ein god ide

Fleire meldingar frå NRK

Johannes Anyurus De kommer til å drukne...

«I 'De kommer til å drukne i sine mødres tårer' tar svensk-ugandiske Johannes Anyuru oss med ut på en mørk og fascinerende reise til sitt verste mareritt.» Les meldinga

Kvit mørk vinter
Foto: Exil Design

«Norsk roman går inn i Kosovo og kjem ut med ei sterk historie om korleis krigen heng att i språket, i minnet og i 'dette helsikes blodet'.» Les meldinga

Lina Wolff, De polyglotte elskerne

«'De polyglotte elskerne' utfolder seg som en vill hårlokk på et uregjerlig hode, der kroppen tramper takten og munnen synger med.» Les meldinga

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.