Hopp til innhold
Anmeldelse

Dop, død og draumar

Går det an å skrive poetisk om kriser, sjølvmord og forsømte barn utan å hamne ut i harmonisering eller utidig estetisering? Ja, det går an. I alle fall om ein heiter Sara Stridsberg.

Forfatter Sara Stridsberg

Sara Stridsberg skriv om sin eigen familie i romanen «Beckomberga. Ode til min familie».

Foto: Anders Malm / NRK
Bok

«Beckomberga. Ode til min familie»

Sara Stridsberg

2015

Aschehoug

Då den svenske forfattaren Sara Stridsberg brakdebuterte på norsk med romanen «Drømmefaktultetet» for sju år sidan, var vi mange som ikkje heilt forstod kva som traff oss, men det traff uansett sterkt. Den gongen handla det om Valerie Solanas, kvinna bak mordforsøket på Andy Warhol, hjernen bak Society for Cutting Up Men og forfattaren som skreiv SCUM-manifestet.

Dødslengten sigrar over kjærleiken

Denne gongen er det Jim. Ein suicidal rusmisbrukar som opplevde at mor hans tok livet av seg. No har han sjølv ein liten familie saman med kona Lone og dottera Jackie. Men dødsdrifta er sterkare enn kjærleiken, og Jim vil gjere slutt på livet ved å stappe i seg ein dødeleg dose pillar og setje seg på eit fly, for så å lande som død mann i eit anna land. Ein grandios plan som endte på Beckomberga, den store psykiatriske institusjonen utanfor Stockholm der mange tusen plaga sjeler vart plassert og forsøksvis kurert frå 1930-talet og fram til 90-talet.

Fridommen bak murane

Her skjer mykje rart, blant anna er hopehavet mellom lege og pasient til tider meir intimt enn det strengt tatt skal vere, men dette er ikkje ein kritikk verken av psykiatrien generelt eller av Beckomberga spesielt. Tvert imot, mange finn her ein fristad frå det vanskelege livet. Den som ikkje let seg røre av gamle Olofs angst for å hamne utanfor murane att når institusjonen skal stenge, er laga av stein.

I den vakre parken mellom bygningane går tida etter heilt eigne prinsipp. Her kan ein leve ut sider samfunnet ikkje vil vite av, her er det alltid nokon som fangar deg opp når det går verkeleg utfor, og det er her dottera Jackie meir eller mindre veks opp.

Beckomberga av Sara Stridsberg

«Beckomberga. Ode til min familie» av Sara Stridsberg.

Lovsong og granskingar

Jackie skulkar skulen og heng med folka som sit og kjederøyker i den vakre parken utanfor asylet. Det er sjølvsagt ikkje bra. Men boka, som blir fortalt av den vaksne Jackie, er ikkje ute etter å sortere i bra og ille, ho er ute etter å utforske kva som skjer med plaga sjeler: Korleis kunne den fantastiske faren hennar berre bli borte?

Det går an å bli arg på begge foreldra til Jackie, men ein skal leggje merke til at romanen ber undertittelen: «Ode til min familie». Ta først ordet «ode». Det kan både vere ein lovsong stila til ein fortent person og eit dikt som tek opp filosofiske og moralske tema.

Begge tydingane kan passe her. Jackie granskar foreldra som feilar igjen og igjen, men har likevel ein stor varme, ikkje minst for far, både som barn og som vaksen.

Ein ikkje heilsvart familiekrønike

Det andre ordet det er verd å merke seg i undertittelen er «min». Dersom dette pronomenet skal signalisere at Stridsberg skriv om sin eigen familie her, får romanen ein ekstra dimensjon: Han viser at det går an å kome ut av ekstreme oppvekstvilkår og forklare seg om det så andre får innsikt i liv og livskampar godt forbi det medelsvensson og ola nordmann erfarer.

Poetisk råskap

Dette oppnår forfattaren gjennom å praktisere ein poetisk råskap som knapt har sitt sidestykke. Det vil seie: den finlandssvenske forfattaren Monica Fagerholm er i nabolaget. Tematikken har dei to felles: svært ofte skildrar dei folk i mentale gråsoner der dei kan vere farlege både for seg sjølv og andre, men ikkje minst handlar det om korleis dei går inn i sjølve livskjensla til personane sine, der dei drøymer og fantaserer og blandar dagklare observasjonar med sublime vrangførestillingar og grå angst. Det nakne og meir direkte ved Stridsbergs tekstar gjer at ho likevel overgår Fagerholm slik eg ser det. Personane drøymer og teksten drøymer med. Lesaren blir sugd inn i eit heilt særprega univers som både er vakkert og skremmande.

Heller enn moralsk indignasjon vekkjer romanen medkjensle og medliding. Det er ikkje det verste ein roman kan oppnå.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters