NRK Meny
Normal

Reisen fra Karawankene

Johann Grip er både lyrikar og gjendiktar av klassiske tekster frå latin. Kanskje det er derfor romanen ”Reisen fra Karawankene” ikkje har eitt overflødig ord...

Forfatteren Johann Grip. Foto: Thomas Bjørnflaten/Scanpix

Johann Grip er ute med bok nummer to om der Vater. Kjem det ei bok nummer tre?

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

Innvandringa til Skandinavia har kome i mange bølgjer og frå ulike land. På 50- og 60-talet var det ikkje uvanleg at austerrikarar kom til industristader i Sverige for å skaffe seg arbeid og eit nytt liv.

der Vater reisar heimefrå

I debutromanen ”Den korte veien hjem” skildra Johann Grip den aldrande austerrikaren der Vater, som etter 30 år i Sverige meinte han var svensk så god som nokon. I den nye romanen ”Reisen fra Karawankene” følgjer vi unge der Vater på den lange reisa frå barndomslandet og til Smalabygd i Värmland. Starten på livet som innvandrar var nok ganske tilfeldig:

Johann Grip: Reisen fra Karawankene. Damm 2007

Johann Grip: Reisen fra Karawankene. Damm forlag 2007

Foto: Damm forlag

”Unge der Vater satt på kjøkkenet i leiligheten hjemme mens mora lekset opp for ham:

- Hva skulle dere på motorsykkelen hans å gjøre? Fortell det til din mor som unnfanget deg i smertens stund og som stadig venter på å få noe igjen for det!

Men tjueenårige der Vater kunne ikke fortelle mora hva de hadde vært med på den kvelden.”

(s 7)

Dette blir dropen som får begeret til å flyte over for mor, som kastar han ut av huset med ein einvegsbillett til Sverige i neven og adressa til storebror, som allereie har gjort svenske av seg, på ein lapp.

Livet handlar ikkje om eksistensielle val gjort etter grundige vurderingar og avvegingar, livet er det som skjer, til dømes når mor vippar sonen ut av reiret på første side. Dette er noko ho kan gjere med godt samvit, ettersom ho veit at det finst jobbar der ho sender han, men det er verken ei migrasjons- eller industrihistorie vi får i denne romanen, her er vi på individnivå, og individa er slike som der Vater. Dramatiske omveltingar kjem utan at dei gjer særleg nummer av det.

Intens og lågmælt

Med stor presisjon i detaljen skriv Johann Grip fram eit innvandrarliv i Sverige på 60-talet. Både språket og brødet set seg fast i ganen i dette nye landet, det sosiale livet må lærast på nytt og der Vater tek praktiske grep for å overleve på kort sikt. På lang sikt handlar det om å leggje seg opp pengar, for så å skaffe seg ei kone og slå seg til ro. Planen er enkel, velprøvd og, viser det seg, vanskeleg å gjennomføre.

Historia om der Vaters forsøk på å finne seg til rette i Sverige er ikkje ei historie om heltar og skurkar, det er ei historie om at livet ikkje er så enkelt for den som er fattig men som vil opp og fram, i alle fall litt opp og bitelitt fram.

Forfattaren har skrive ein trist og humoristisk, lågmælt og intens roman om der Vater. Dei to bøkene om denne karen skildrar ungdomstid og alderdom. Det hadde passa fint med ei bok om livet midt mellom desse to aldrane. Det treng ikkje å skje så veldig mykje, Johan Grip har dokumentert at han greier å gje nerve til historier utan å lesse på med for mykje action.

Anmeldelser