Jeg skal tordne

”Jeg skal tordne” er ei spennande og innsiktsfull historie frå krigen, forkledd som ein liten roman på under 200 sider. Verket, signert historikar Peter Englund og regissør Kristian Petri, gjev ein historietime av dei sjeldne.

Kristian Petri og Peter Englund. Foto: Cato Lein/Cappelen Damm

Dei to svenske forfattarane Kristian Petri og Peter Englund har skrive ein dagsaktuell roman frå 1700-talet.

Foto: Cato Lein/Cappelen Damm

Kilde: Kulturnytt, NRK P2, 12. mars 2008

Kva skjer med ein hær som opererer på framand jord når oppdraget verkar stadig meir urealistisk, lokalbefolkinga er skeptisk og fienden snakkar uforståelege språk? Nei, vi er verken i Irak eller Afghanistan. Vi er i Polen, året er 1706 og den store nordiske krigen blir utkjempa med varierande grad av innsikt i meininga med det heile. Og historia verkar skremmande aktuell. Noko av forklaringa kan ligge i at historikaren Peter Englund er heimekjent i denne krigen som han har skrive fleire bøker om før, og at han har hatt reportasjereiser både i Irak og Afghanistan.

Peter Englund og Kristian Petri: 'Jeg skal tordne'. Cappelen Damm 2008

Peter Englund og Kristian Petri: 'Jeg skal tordne', omsett til norsk av Per Qvale. Cappelen 2008

Foto: Cappelen

Ein skitten bande av svenskar

Den vesle romanen henger seg tett på troppen til kaptein Torsten Sparre. Dei har for lengst mista grepet på krigen, og er mest opptekne av å finne mat og elles ha det så fredeleg og behageleg som situasjonen tillet. Moralen er synkande. Over eit glas vin fortel kaptein Sparre fenrikane sine om ein kval han såg året før, ein kval som hadde forvilla seg på land.

”I fjor, da regimentet lå i Marienburg, var jeg en dag ved kysten, og der så jeg en hval på villstrå, en enorm skapning, bare dens manndom var, ja, over meteren. Han måler med hånden.

- Kjenner de til disse fiskene Sundman, De som er en studert mann?

- Javisst, kaptein, men jeg må få påpeke at en hval ikke er en fisk, ettersom den føder sitt avkom. Jeg har lest at…

- Denne fisken lå der, og jeg har sett den, ikke lest om den, og man måtte bare bli overveldet av denne kraften, denne tyngden, denne massive samling av muskler og ben, av… potens. (Han ler og gjør en obskøn bevegelse med armen.) Men samtidig blir ens hjerte beveget. Vet de hvorfor, Sundman? Drake? Jo, den hadde kommet ut av sitt element, den hadde strandet på et sted der den ikke hørte hjemme, og dens dødskamp var storslagen. Jeg så den slå i hjel en mann med et eneste slag av halen. Men det var en dødskamp, den døde bit for bit, langsomt. Den hvalen, Sundman…

Han tømmer glasset, peker på Sundman med krittpipen.

- Den hvalen er oss.” (s 46)

Den svenske hæren som har stranda i Polen greier også å slå i hel eindel mann i sin dødskamp. Vår vesle tropp møter lagnaden på eit gods der det blir feira bryllaup med god mat og vin på bordet. Eller sett frå polakkane si side: Ulukka ramma familien på godset midt i bryllaupet til godseigaren, då ein skitten bande av svenskar kom rekande og tok seg til rette langt utover sitt mandat.

Innsikt og spenning

Det som gjer akkurat denne vesle romanen om akkurat denne halvgløymte krigen til så sterk lesing, er at forfattarane dokumenterer eit kjennskap til tida og til den svenske krigsstrategien ned til minste detalj. Og at den valden vi blir vitne til er fullstendig meiningslaus, sett i gang av misforståingar, stolte menn som ikkje kan innrømme små feil, tilfeldigheiter og rein dumskap. Dermed er historia både spesifikk og ei historie om krigen meir allment.

Dessverre har ”Jeg skal tordne” ei fortid som filmmanus, og Englund/Petri har ikkje lagt nok arbeid i transformasjonen, slik at vi i staden for skildringar litt for ofte må ta til takke med noko som liknar scenetilvisingar. Denne innvendinga må likevel ikkje skygge over at romanen byr på både innsikt og spenning i uvanleg rause porsjonar.

Siste om bøker fra TV og radio

Kulturhusets programleder Siss Vik intervjuer forfatter Gunnar Staalesen, som kommer ut med sin 19. krimroman om etterforskeren Varg Veum. (Sendt 3. august 2016)