Hopp til innhold

"Har vi henne nå?"

Skriv kvinnelege forfattarar annleis enn menn? Skriv dei dårlegare enn menn? Eller er det andre grunnar til at bøker av kvinner sjeldan når heilt til topps? Slike spørsmål dukkar opp i litterære debattar med ujamne mellomrom, gjerne i tilknyting til prisutdelingar,- der mennene dominerer. Sosiolog Unn Conradi Andersen har gått inn i dette minefeltet i boka Har vi henne nå?

Unn Conradi Andersen

Unn Conradi Arnesen.

Foto: Gyldendal

Har vi henne nå?

Boken Har vi henne nå? er utgitt på Gyldendal norsk forlag.

Foto: Gyldendal

Har vi henne nå? er ei lita flis av ei bok som stiller ei rekkje store og interessante spørsmål. Mitt spørsmål blir då: Greier forfattaren å svare på dei spørsmåla ho stiller?

Kva er eigentleg kvinnelitteratur?

Unn Conradi Andersens utgangspunkt er at det i vår tid ikkje finst språklege forskjellar på korleis menn og kvinner skriv. Likevel blir kvinnelege forfattarar identifisert som gruppe, og bøker av kvinner blir vurdert som intime, inderlege og private i motsetning til bøker av mannlege forfattarar.

Den mannlege forfattaren slepp å representere alle menn. Menn skriv rett og slett litteratur, mens kvinner skriv kvinnelitteratur.

Ettersom det ikkje lenger er nokon kjønnsforskjell i språket ifølgje Conradi Andersen, må forskjellen liggje i mottakaren, i dette tilfellet i journalistar og kritikarar. Dei les sine fordommar om kvinner inn i kvinners tekster, og begrensar dermed denne litteraturen. Slik blir kvinnelege forfattarar sitjande fast i det som i boka blir kalla for kjønnsklisteret.

Intervju med kjende fortattarar

Dette er altså forfattarens påstandar. For å undersøkje om det stemmer, intervjuar ho Herbjørg Wassmo, Vigdis Hjorth og Hanne Ørstavik om deira mediestrategiar, og vurderer sjølv kva Marie Takvam gjorde i si tid. I tillegg fortolkar ho intervjua og kjem med eigne analysar.

Det store spørsmålet blir: Er det rett at bøker av kvinner får ei dårlegare mottaking enn bøker av menn, rett og slett fordi det finst fordommar om korleis kvinner skriv? Forfattarane ser ut til å vere samde med Conradi Andersen i det, og det kan godt hende det er slik. Men er forfattarane dei rette til å vurdere om kritikken og omtalen av eigne bøker er rettferdig?

Dessutan hadde det vore relevant å få vite litt meir om korleis intime, inderlege og private bøker forfatta av menn blir mottekne av kritikarane, slik at ein kan vere sikker på at det ikkje er sjølve skrivemåten det handlar om. For ein får jo håpe at det er eit visst samsvar mellom innhaldet i bøkene og kritikken, trass alt.

Melodramaet til nye høgder

Når Conradi Andersen løftar fram kritikarar som har kalla Wassmobøker for melodrama som skrekkeksempel, vil eg -og mange med meg- seie: Men fleire av bøkene hennar er melodramatiske,- Wassmo har jo brakt melodramaet til nye, kvalitative høgder.

Sånn kunne eg halde på lenge. For sosiologen Conradi Andersen viser korleis ho og forfattarane meiner ting fungerer. Og dei klargjer korleis dei har valt å opptre i media når det no er som det er. Men så lenge det manglar ein gjennomgang av sjølve litteraturen, blir ikkje forskjellsbehandlinga av kvinnebøker og mannebøker dokumentert.

Har vi henne nå? var spørsmålet i tittelen og svaret er nei. Den kjemiske formelen som kan nøytralisere kjønnsklisteret får vi heller ikkje her. Men svaret er også ja. Ja, Conradi Andersen har skrive ei spennande bok der ho formulerer ei rekkje problemstillingar som opnar for vidare tenking omkring spørsmål om kjønn og tekst.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters