Hopp til innhold

Et grådig liv

”Et grådig liv” er andre romanen av Kristin Tosterud Holte. Her får vi ei svært moderne vri på eldgamle spørsmål om kjærleik og død - og det er sterk lesning.

Forfatteren Kristin Tosterud Holte. Foto: Ole Asbjørn Ness/Cappelen

Kristin Tosterud Holte debuterte med romanen 'Gjesten' i 2003.

Foto: Ole Asbjørn Ness/Cappelen

Ei kvinne er dødssjuk fordi levera sviktar.

Ja vel, trist, men sånt skjer.

Levera sviktar fordi ho har hepatitt, som ektemannen smitta over på henne etter å ha hatt eit ubeskytta nummer med ei prostituert kvinne.

Det var straks verre.

Mannen er lege og får inn ein ung kreftpasient med same sjeldne blodtype som kona. Denne levera kan berge konas liv, men berre viss organet blir operert ut før pasienten døyr ein naturleg død.

Kristin Tosterud Holte: Et grådig liv. Cappelen 2007

Kristin Tosterud Holte: Et grådig liv. Cappelen 2007

Foto: Cappelen

Dermed har vi ein skikkeleg knute av skuldkjensle, etikk, legevitskap og ønske om å leve vidare, og det dramatiske kammerspelet i romanen ”Et grådig liv” er i gang.

Rollene er: legemannen Johannes, sportsjournalistfrua Anna, og den unge, kreftsjuke Ulrikke.

Eit liv, to versjonar

Romanen opnar med orda: ”I natt har jeg lest biografien om meg selv.” Det er Anna som fører ordet i dagboks form, og i denne dagboka fortel ho heile historia i kritisk dialog med biograf Rikstad som står bak den uautoriserte og etter Annas meining temmeleg spekulative biografien, der han let hennar desperate kamp mot døden vere tolkingsnøkkel for heile livsløpet. Vi får altså to versjonar av same livet her, i kryssklipp. Her er Anna:

”Dyr som mennesker kjemper for å holde seg i live. Sånn er naturen. Jo da, moralsk sett - men moralen er til for de mindre viktige tilfellene. Ikke for foreldre som må stjele for å gi barna mat. Ikke for en kvinne som skyter en voldtektsmann. Ikke for meg. Ulrikke var barnløs og ugift, og full av ulevd liv, som Rikstad skriver, men hun kunne jo ikke leve videre. Det var svulsten som var den ondeste av oss to.” (s 108)

Det er ingen tvil om at Anna ønskjer seg Ulrikkes lever, ho meiner endåtil å ha moralsk rett på organet ettersom det er Johannes si skuld at ho er sjuk. Så får han også rydde opp. Biografen er innom ryktet om at ho er bifil, men nei, Anne begjærer ikkje Ulrikke, berre ein del av henne for å seie det slik. Spenningsmotoren i romanen blir naturlegvis: kven sin lever er det Anna har i kroppen når ho skriv ned forteljinga? Er Ulrikke ofra, eller er ho død av sin eigen sjukdom? Det skal ikkje røpast her.

Nådelaust

Historia om Anna og Johannes viser kor lite det skal til for å kome på gli i etiske spørsmål når det er teknisk og medisinsk mogleg å utrette mirakel. Draumen om evig liv etter døden er for mange moderne, vestlege menneske bytta ut med draumen om eit langt liv på jorda i ein velfungerande kropp. For folk med få skruplar og mange pengar går det an å kome utruleg langt.

Romanen ”Et grådig liv” tek tak i problemet på nådelaust vis, og greier å halde både på spenninga og på ubehagelege moralspørsmål heilt fram. Det er bra gjort. Dette er første gongen eg har lese ei bok der levera er hovudperson, og det blir truleg lenge til neste gong. Eg håper det ikkje blir like lenge til det kjem ein ny roman av Kristin Tosterud Holte.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters