Ber om at musikken hans blir fjerna frå Spotify
Neil Young ber om at musikken hans blir fjerna frå Spotify, i protest mot at podkasten til Joe Rogan har spreidd vaksineskepsis. Young ber strøymetenesta velje mellom han og Rogan.
Joe Rogan er ein amerikansk programleiar, komikar og MMA-kommentator som har hatt stor suksess med podkasten «The Joe Rogan Experience». Han har på få år blitt ein av dei største podkastane i verda.