Hopp til innhold

Banksy lagar Simpsons-vignett

Grafittikunstnaren Banksy er gjesteanimatør for tv-serien «The Simpsons».

Banksy-graffiti

Graffiti-kunstnaren Banksy, som står bak mellom anna dette verket i Toronto, har no laga sin versjon av kjenningen til Simpsons.

Foto: NATHAN DENETTE / Ap

Artisten Banksy har laga opningssekvensen til episoden «MoneyBart» som skal sendast på tv i USA til helga. Det er første gong ein kunstnar har delteke i animasjonsserien The Simpsons på denne måten, skriv BBC .

Vignetten til The Simpsons vert stadig endra litt, men i versjonen til den britiske graffitiartisten Banksy møter tv-sjåarane eit dystrare univers enn dei er vande til.


Mellom anna får ein sjå asiatiske slavearbeidarar teikne biletruter til Simpsons. Dette skal vere inspirert av rapportar om at tv-serien får laga mykje av animasjonen av eit firma i Sør-Korea.

I tillegg får ein sjå korleis genserar og andre The Simpsons-reklameprodukt vert produsert i ein underjordisk fabrikk, under tvilsame forhold. Kattungar vert lemlesta i ein vedkuttar, for at pelsen skal verte fyllstoff i dokker av Bart Simpson. Ein panda er pakkdyr, medan ein einhjørning vert brukt til å stikke ut holet i Simpsons-DVD-ane.

Ifølgje artisten Banksy sjølv skal forslaga hans ha ført til forseinkingar, og disputtar om dette kunne sendast.

– Slik går det når du set ut arbeidet til andre, spøkte Simpsons-produsent Al Jean.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.