Reiseradioen har vore i kirkeruinane for å lære seg truverdig leikeslåssteknikk.
Det er meir land enn på landet i Maridalen. Geografisk ligger det midt i Oslo kommune, men her er befolkningstettleiken lavere enn flatbygdene i Hedemark. Og rett ved nordenden av Maridalsvatnet står det ei kvart steinkirke fra 1200-tallet. Her blir det spel i dagene som kommer, men først skal eg lære å motta eit realt ballespark.
Tomt i 200 år
- Heile Maridalen blei avbefolka etter Svartedauden. Det fantes ikkje eit menneske her på 200 år, forteller spelregissør Svein Gundersen entusiastisk. Eg tenker at det ikkje har forandra seg så veldig sida den tida.
- Dette er bakteppet for eit middelalderspel som handlar om maktspel og ulykkeleg kjærleik.
Kirka og kongen ville etter sigende tømme forrådet til bøndene, noko bøndene naturleg nok ikkje var like interessert i. Slik blir det opprør av, og kjærleik. Men så kom Svartedauden.
Regissør Gundersen meiner at Svartedaudens dramatikk er ei perfekt ramme for eit spel, og i skogen rundt kirkeruinene vil publikum møte syngande munker, pestbefengte tiggerkoner og flagellantar som piskar seg til blods.
Publikumsfavoritt
Kampinstruktør Hilde V. Høyem rettar opp overkroppen og justerer fram hoftene mine. Mens ei av skodespelarinnane stiller seg klar for å sparke meg. Samtidig fortel instruktøren om sin bror som har knekt nesa tre gonger på denne typen skodespel. Godt å høyre, tenkjer eg, mens tankene vandrar mot mulige adopsjonsløysningar. Ballesparket er for øvrig publikums desiderte favoritt – folk får visst aldri nok av denne typa sceneunderhaldning.
Så tar min motspelar sats og sparkar til mellom beina mine. Eg skriker av refleks. Men den sigande, intense smerta uteblir. Ho traff meg som ho skulle – i rumpa. Men takke meg til sjølvpisking neste gang.