Hopp til innhold

Avis nektar å avsløre metodar

Britiske Daily Telegraph med mengder av pinlege avsløringar om politikarar. Største politiske skandale på fleire generasjonar.

Gordon Brown

Statsminister Gordon Brown er ein av mange politikarar som har fått avslørt uetisk pengebruk.

Foto: Dominic Lipinski / AFP

The Daily Telegraph har i halvanna veke bydd på ei lang rekkje pinlege avsløringar av britiske politikarar sine frynsegoder .

Dette kjem av at avisa har klart å få tak i alle kvitteringane som britiske parlamentsmedlemmar har krevd utgiftsrefusjon for.

I ein lang serie førstesideoppslag har avisa avslørt korleis politikarar frå alle dei store partia har krevd at staten dekkjer utgifter til mellom anna møbelinnkjøp, reingjering av symjebasseng og fjerning av hestemøkk på landstadar.

Statsminister Gordon Brown har ikkje sloppe unna i avsløringane: han har fått refundert om lag 60 000 kroner som skal ha gått til vaskehjelp for broren Andrew.

Avsløringane av britiske politikarars frynsegoder blir no omtalt som den største politiske skandalen på fleire generasjonar i Storbritannia.

- Av offentleg interesse

Politisk redaktør i Daily Telegraph, Ben Brogan, seier at avisa ikkje har tatt lett på avsløringane.

- Som ei seriøs avis har vi nytta mykje tid på å vurdere opplysingane vi har fått tak i. Vi har konkludert med at det dreier seg om truverdig informasjon som må fram i lyset. Spesielt sidan politikarane har hindra dette i å bli kjent.

Men redaktøren nektar å fortelje kvar opplysingane kjem i frå, og kor mykje pengar avisa har betalt for å få tak i informasjonen.

- Du kan spørje meg om å kommentere kjeldene, men eg ønskjer ikkje å gå inn i den samtalen.

Skeptisk til økonomisk motiv

Men politikarane er skeptiske til måten avsløringane har kome fram på.

- Vi må vite kvar informasjonen har kome frå, og spesielt om den blei kjøpt eller ikkje, seier parlamentsmedlem Bob Marshall Andrews frå partiet Labour.

Han understreker at han støttar det at opplysingane om politikarane sine frynsegoder har blitt gjort kjent.

- Eg er for at saker av offentleg interesse kjem fram. Men eg er særs stor motstandar av at nokon lek denne informasjonen fordi det er pengar å tene.

Kan ha kosta 7 millionar kroner

Den konservative avisa Daily Telegraph sit på kvitteringane for utgiftsrefusjonar til kvar einaste av Underhusets 646 medlemmar dei siste fire åra.

Ei rekkje britiske aviser skal ha fått tilbod om å kjøpe informasjonen. Og rykta fortel at ein utru tenar kan ha fått 6-7 millionar kroner for å overlevere ein cd med digitale kopiar av mellom 1 og 2 millionar politikarkvitteringar.

Tidlegare redaktør i Sunday Times, Andrew Neil, meiner Daily Telegraph gjorde rett i å skaffe seg informasjonen.

- Dette er av offentleg interesse. Så klart er det mange politikarar som ønskjer å nøste opp i bakgrunnen for artiklane. Men 99 prosent av britane er interesserte i innhaldet i avsløringane, og det er dette som betyr noko.

Neil seier at han ikkje ville ha nølt med å avsløre saka på akkurat samme måte som Daily Telegraph.

Skulle offentleggjerast i sommar

Britiske journalistar har arbeidd i årevis for at parlamentet sjølv skulle offentleggjere utgiftsrefusjonane.

Dette skulle skje i sommar, men Brogan i Daily Telegraph meiner dette hadde blitt eit veldig avgrensa innsyn.

- Det største problemet er at politikarane lagar reglane for seg sjølve, og desse reglane er altfor lette å bryte. Nokre av desse sakene kan kanskje bli bortforklart som tabbar - men ingen ville ha fått vite om desse feilgrepa om vi kkje hadde trykt artiklane.

Kulturstrøm

  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP
  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)