Hopp til innhold

Angelina Jolie selde Churchill-måleri for rekordsum

Landskapsmåleriet er det einaste Winston Churchill laga under andre verdskrigen.

Churchill maleri

Winston Churchill måla biletet i gåve til USAs president Franklin D. Roosevelt.

Foto: TOLGA AKMEN / AFP

Måleriet «The Tower of the Koutoubia Mosque» av Winston Churchill blei seld for nesten 8,3 millionar pund, eller nesten 100 millionar norske kroner, på Christie's kunstauksjon i London måndag kveld.

Det var nesten fire gongar prisvurderinga, og ny rekord for eit bilete måla av den tidlegare statsministeren. Den førre salsrekorden for eit Churchill-bilete var 1,8 millionar pund, skriv Sky News.

Kven som kjøpte biletet er ikkje kjent, men seljaren var den amerikanske skodespelaren og regissøren Angelina Jolie.

Gåve til Roosevelt

Motivet på biletet er moskeen i Marrakech i solnedgang, med Atlas-fjella i bakgrunnen. Dette området var eitt av favorittmotiva til den Churchill.

– Churchill besøkte Marokko for første gong i 1935, og forelska seg i lyset her. Han meinte at måleria han laga frå dette området, var blant hans beste, seier Nick Orchard i Christie's til CNN.

Biletet var det einaste han gjorde ferdig under andre verdskrigen, ifølge Sky. Churchill måla det etter Casablanca-konferansen med USAs president Franklin D. Roosevelt i 1943.

Der la dei planane som førte til Nazi-Tysklands fall.

Franklin D. Roosevelt og Winston Churchill under Casablancakonferansen i 1943.

Franklin D. Roosevelt og Winston Churchill under Casablanca-konferansen i 1943.

Foto: Ap

Etter toppmøtet var over overtalte Churchill Roosevelt til å bli ein ekstra dag. Han meinte dei ikkje kunne vere i Marokko utan at dei hadde fått med seg solnedgangen over Atlas-fjella saman.

Churchill måla biletet etter at Roosevelt hadde reist, og gav det seinare i gåve til presidenten som eit minne.

Kjærleiksgåve

Sonen til Roosevelt skal ha selt biletet vidare etter krigen. Måleriet enda til slutt opp hos ein familie i New Orleans. Der blei det liggande i eit skap i fem tiår, før dei tok kontakt med kunsthandlaren Bill Rau.

– Måleriet skildrar augneblinken dei to verdsleiarane delte då dei såg på det majestetiske landskapet i Marrakech då sola gjekk ned. Og å vite at Churchill gav det i gåve til Roosevelt etter tida dei hadde saman gjer meg begeistra, sa Rau til CNN.

Angelina Jolie og Brad Pitt

Brad Pitt kjøpte Churchill-biletet i gåve til Angelina Jolie i 2011. No har ho selt det vidare til ein ukjent kjøpar.

Foto: Mario Anzuoni / Reuters

Kjøparen av biletet var Brad Pitt som gav det i gåve til Angelina Jolie i 2011, før dei gifta seg. Då paret skilde lag, blei måleriet ein del av Jolie Family Collection, før det blei selt på auksjon denne veka.

Churchill begynte å male då han var rundt 40 år, og laga over 500 verk før han døydde. I tillegg til biletet som gjekk for ein rekordsum, blei også bileta «Scene at Marrakech» og «St. Paul's Churchyard» selt på auksjonen.

Churchill bilde

Churchill måla fleire bilete frå områda rundt Marrakech. Dette biletet, «Scene at Marrakech», gjekk også under hammaren hos Christie's måndag kveld.

Foto: Frank Augstein / AP

Dette gjekk høvevis for nesten 1,9 millionar pund og 1,1 millionar pund. Begge gjekk for meir enn tre gongar prisvurdering.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.