Hopp til innhold

Fryktar radikalisering på nett

Den danske avisa Politiken krev fødselsdato, namn og adresse av alle som vil debattera på nett. Norske nettaviser vil ikkje gjere det same.

VG Nett og NRK.no

VG, Aftenposten og NRK tillet anonyme nettdebattar. Det gjer ikkje den danske avisa Politiken.

Foto: Skjermdump

– Folk må stå personleg inne for haldningane dei uttrykkjer, også på nettet. Om folk skriv under pseudonym eller falskt namn, så får dei ikkje skriva i Politiken.

Det er den klåre beskjeden frå Bo Lidegaard, sjefredaktør i den danske avisa Politiken.

Politiken

Nettavisa Politiken.dk har innført strenge debattreglar.

Foto: Skjermdump

Avisa har no innført strengare nettreglar.

Alle som vil delta i nettdebatten på politiken.dk må oppgje namn, adresse og fødselsdato. Opplysningane blir sjekka opp mot det danske folkeregisteret.

– Me vil ikkje finna oss i ein debatt som blir radikalisert utan at me veit kven som står bak dei radikale utsegnene, seier Lidegaard.

Geir Lippestad

Forsvarar Geir Lippestad meiner ekstreme nettdebattar har vore med i å radikalisera Anders Behring Breivik.

Foto: Meek, Tore / Scanpix

Må ta ansvar for ytringar

Forsvarar til Anders Behring Breivik, Geir Lippestad, meiner debattantar som uttrykkjer seg ekstremt på Internett, må ta ansvar for at terrorangrepa 22. juli vart utført.

– Du har eit ansvar når du uttrykkjer deg på ein ekstrem måte, seier Lippestad.

Likevel ønskjer ikkje norske nettaviser å stramma inn på krava om identifisering i nettdebattane. Aftenposten, NRK og VG Nett godtar at folk debatterar anonymt.

– Det kan vera viktige saker som folk ønskjer å ta opp, som dei ikkje kan ta opp under fullt namn, seier Mina Nærland, debattansvarleg for Aftenposten sine nettdebattar.

HØYR MEIR OM NETTDEBATTEN HER

Ho understrekar at Aftenposten har mail-adressa til alle debattantane.

– Eg har aldri opplevd at eg ikkje har fått svar frå folk eg tek kontakt med direkte, seier Nærland.

Frank Gander

– Krav om identifisering kan føra til at me går glipp av viktige stemmer i nettdebatten, meiner Frank Gander, NRK.no.

Foto: Kaland, Ole / NRK

– Går glipp av viktige stemmer

Heller ikkje NRK.no vil følgja Politiken sine strenge identifiseringskrav.

– Det gjev ein lite spontan debatt. Dessutan risikerer me å gå glipp av viktige stemmer som bør bli høyrde, som til dømes valdtektsoffer som ønskjer å diskutera korleis dei er blitt tekne i mot av rettsamfunnet, seier frontredaktør Frank Gander, ved NRK.no.

Men sjefredaktør i Politiken, Bo Lidegaard, står fast på at nett-debattar blir betre om alle brukar fullt namn.

– Me håpar at fleire får lyst til å følgja debattane våre på grunn av dei nye reglane, seier Lidegaard.

KVA MEINER DU OM ANONYME NETTDEBATTAR?

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift