Hopp til innhold

Annika Momrak: – Hadde ikkje tatt piercing i tissen

Programleiar og 4ETG-profilen Annika Momrak og VGTV-profilen Martha Leivestad vart kjent ved å bli sperra inne 24 timar utan mobil.

Annika Momrak og Martha Leivestad

Annika Momrak og Martha Leivestad frå då begge var programleiarar i NRK 4ETG

Foto: Xin Li

Sidan har dei vore uatskillelege.

På laurdag skal dei konkurrere mot Harald Rønneberg og Thomas Numme i det nye programmet «Verdens beste venner».

Men kor langt ville dei ha gått for venskapet? Vi tok ein prat med dei.

Kva er det beste de vil trekke fram med kvarandre?

Martha: Det beste med Annika er at ho er fantastisk gøy å prate med. Ho har alltid ei meining og veit utruleg mykje gøy. Ikkje minst er ho MOROSAM!

Annika: Martha er eit fyrverkeri av eit menneske. Ho er ein slik person som kjem inn og tar heile rommet på ein måte som berre nokon få folk klarer. Ho er trygg i seg sjølv og tar plass. Ho er ærleg på ein forfriskande måte, for ho seier nøyaktig det ho tenker. Eg tenker så mykje at eg ikkje får sagt noko som helst.

Kva er det mest irriterande med kvarandre?

Martha: At ho er surrete. Men det er eg også. Så ein irriterer seg vel over ting med andre som ein eigentleg er sjølv.

Annika: At ho snakkar høgt når vi er på bussen. Eg blir veldig fort sjenert. Eg elskar at ho tør å vere «mykje» når vi er ute blant folk. Men eg klarer ikkje å stå i det sjølv, seier Annika og humrar.

Annika Momrak snakkar og gestikulerer med hendene sine.

Annika Momrak blir glad og engasjert når ho tenker på venen Martha Leivestad.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Er det noko de synest er rart med kvarandre?

Martha: Mykje! Annika har interesser eg prøver skikkeleg å unngå å høyre om. Dinosaurar og gamle Egypt for eksempel. Så eg stiller spørsmål ved det, men aldri direkte til ho. Haha.

Annika: Det er at Martha er skeiv. Kroppen hennar er faktisk fysisk skeiv. Vi fann ut at den eine armen er lengre enn den andre. Skeivheita startar ved skuldrene hennar, så kroppen hennar er rett og slett skakk, forklarar Annika.

Kva er det sprøaste de har gjort for kvarandre?

Martha: Oi, mykje! Vi laga YouTube videoar saman i to år. Men eg synest å vere innelåst i eit rom saman i 24 timar var veldig sprøtt og noko eg vil gjere igjen! Å sjå på den videoen er veldig «comfort» for meg.

4ETG

Som audition for 4ETG måtte Martha Leivestad klare seg utan mobil i 24 timar.

Annika: Vi har gjort alt frå å vere ute saman med Telemarksbataljonen på øvingar der vi leika spesialsoldatar og køyrde stridsvogn til å lage den offisielle musikkvideoen til Vidar Villa. I sistnemnde hadde Martha mykje ansvar, det var mykje stress og ho vart til slutt dritforbanna. Det gjekk hardt utover venskapet, men vi kom oss gjennom det også, og eg føler vi kom sterkare ut av det som venar.

Kva er det drøyaste de har gjort?

Martha: Usikker.

Annika: Det var da eg var heilt ny i NRK, og Martha ville lage ein video der ho skulle bli emo. Eg gjekk med på å bli emo, og lét meg pierce i leppa og nesa. Eg var framleis så fersk at eg ikkje hadde lært meg å seie nei.

Er det noko de har dårleg samvit for?

Martha: Eg har dårleg samvit for at eg fekk ho til å ta piercing i leppa og nasen i ein av sine første 4ETG videoar. Det var slemt. Heldigvis hadde ho den i nesa ein god stund! Så det var jo litt verdt det!

Annika: Eg kunne ha sagt at eg har dårleg samvit for at vi ikkje møtest oftare. Samtidig, når vi fyrst møtest er det heilt nydeleg.

Kva gjer de når de heng i lag?

Annika: Prate. Vi pratar ekstremt mykje. Om fjerne og nær ting. Om kjensler. Og sladder.

Martha: Vi hadde mange «møter» på jobb før som eigentleg berre var oss som måtte få prata om noko vi kjente på eller hadde sett. Også elskar vi begge kake og bollar! Så vi et det mykje!

Kven er den beste venen?

Martha: Dette er kanskje juks, men eg trur ingen av oss er betre enn den andre. Og det er derfor det er eit fint venskap. Ingen som føler dei må prestere meir enn dei allereie gjer. Å ha venar ein konkurrerer med er jo tungt. Eg set veldig pris på at Annika lar meg vere meg, og eg lar ho vere ho.

Annika: Vi er begge like gode.

Annika Momrak stirrar ned i mobilen mens ho smilar lurt.

Annika Momrak på takterrassa til NRK.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Kva slags type ven er du?

Martha: Eg er ein ven som du kan stole på. Som alltid har ryggen din og som du kan prate med lenge.

Annika: Eg er veldig glad i å prate, og veldig glad i å prate om kjensler, og ikkje minst analysere ting. Eg er også ein type ven som – med ein gong du er innanfor den inste – så er du der for alltid.

Kva ville de ikkje ha gjort for kvarandre?

Martha: Eg ville ha gjort kva som helst <3 Berre ikkje heldt ein tarantell.

Annika: Eg hadde ikkje tatt piercing i tissen. Men det meste anna. Eller viss det var slik at vilkåret for å sjå Martha igjen var å ta piercing i tissen, så hadde eg nok gjort det.

Verdens beste venner har premiere NRK 1 laurdag kl. 19.50

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)