Hopp til innhold
Anmeldelse

Hestar og andre pasjonar

Maja Lunde har bytta ut biene med villhestar. Det var ein god ide.

Maja Lunde, Forfatter

LIDENSKAP: Den som brenn for noko, kan tole mykje, står det å lese mellom linjene i «Przewalskis hest» av Maja Lunde.

Foto: Oda Berby

CO₂ i atmosfæren
420,5 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

Romanen «Bienes historie» frå 2015 skapte bølgjer langt ut over landegrensene. Det same gjorde oppfølgjaren «Blå». Suksessformelen til Lunde var å gå inn i miljøkrisa gjennom eitt sentralt element; bier, vatn, for så å forfølgje dette gjennom to-tre ulike tider og stader.

I den tredje romanen i rekkja, «Przewalskis hest», gjer ho ein vri: her spelar den mongolske urhesten, kjent frå talrike helleristingar, hovudrolla. Kva er så forskjellen på bier og villhestar, reint bortsett frå dei heilt opplagde, anatomiske variasjonane?

Jo, dersom biene forsvinn, får det store konsekvensar for livet på jorda og ikkje minst for oss menneske som har gjort oss temmeleg avhengige av det som skjer mellom blomar og bier.

Mens takhien, urhesten, også kalla Przewalskis hest, han kan dei fleste av oss leve utan.

Kan ein tam hest bli vill?

Den russiske zoologen Mikael Aleksandrovitsj Kovrov visste ikkje kva han sette i gang då han i 1882 henta ein stor flokk villhestar til Europa. Der skulle dei glede publikum og berge inntektene for sirkus og zoologiske hagar.

Eit godt 100-år seinare er villhesten så godt som utrydda i Mongolia og ein liten flokk - no tamme - thakiar blir sendt tilbake dit med fromme ønske om at dei nok ein gong skal kunne springe frie og ville over dei mongolske steppene. Og i 2064 prøver ei norsk kvinne å halde liv i dei to siste eksemplara ho veit om, - men kva veit vel ho i eit samfunn der det meste har gått i stå?

Alt dette ifølgje romanen til Lunde, der villhestens vandringar tur/retur Mongolia skal vere historisk, jamvel om folka rundt ikkje er det.

Nødvendige omvegar

Tilbake til forskjellen mellom bier og hestar: I «Bienes historie» gjekk Lunde rett på sak: Vi treng biene. Men romanar treng omvegar. Hesten er ein omveg. Det forfattaren skriv om når ho skriv om hestar, er mykje det same som i dei to første romanane, men her fungerer det betre.

Både folk og dyr får fleire sider. Eller dei interesserer meir fordi bodskapen ikkje er så rett i synet. Og ser ein nøyare etter, har vi litt av kvart felles. Hoppene og kvinnene tek seg av avkommet, bortsett frå dei som støyter barnet sitt bort. Hingstane på si side er meir interessert i hingstar, bortsett frå i brunsten.

Meir indirekte tale og underliggjande tematikkar opnar for at lesaren kan spinne vidare på spørsmål om kjærleik, brunst og ansvar for flokken, anten det no er snakk om hestar eller folk.

Den som har ein flokk kan tole temmeleg mykje, jamvel om livet endrar seg radikalt. Den som brenn for noko har mykje å gå på. Om framtida er dyster i denne boka liksom i dei to føregåande, så sloknar ikkje livsgnisten i det skandinaviske striregnet. Det går an å leve i framtida og.

Kulturstrøm

  • EUs forhandlinger om KI på overtid

    EU-parlamentarikere og EU-landene forhandler torsdag morgen på overtid om et nytt regelverk for kunstig intelligens (KI) i unionen, ifølge kilder.

    Forhandlingene er nå inne i sitt andre døgn. Målet er å få på plass det som ventes å bli et banebrytende regelverk for blant annet bruken av KI-systemer som tekstroboten ChatGPT. Fortsatt gjenstår flere sentrale spørsmål, blant dem bruk av KI til ansiktsgjenkjenning, i politiets arbeid samt kildekodetilgang.

    Forhandlingene foregår bak lukkede dører og hadde torsdag morgen pågått i 17 timer. En pressekonferanse om saken er utsatt inntil videre.

    EUs medlemsland og EU-parlamentet har forsøkt å bli enige om detaljene i et forslag som ble lagt fram av EU-kommisjonen for to år siden, men de har slitt med å holde tritt med den svært raske utviklingen innen feltet. Det gjør det også vanskelig å oppnå enighet.

    De nye reguleringene kan komme til å danne et utgangspunkt for andre land som ønsker å lage egne regler for kunstig intelligens.(NTB)