Hopp til innhold

Enkel, vakker, viktig

Den som leiter etter Jesus i denne romanen, må leite lenge. Men J.M. Coetzee viser nok ein gong at han greier å ta opp dei store spørsmåla i livet på uventa måtar. Det er noko det også.

J.M. Coetzee, forfatter

J.M. Coetzee skriv vakre og brutale historier som utfordrar lesaren.

Foto: Ulla Montan

Jakta på Jesus starta allereie i romanen «Jesu barndom», som kom på norsk i 2014. Men lat oss i første omgang setje Jesus til side og heller lese teksten: Guten David, som ikkje heiter David, kjem bort frå mor si under ei flukt over havet. Mannen Simon, som ikkje heiter Simon, tek seg av guten og slår seg saman med Ines som tek over morsrolla. I det nye landet, som ikkje har namn, lever dei tre eit liv til forveksling lik ein kjernefamilie.

Brotsverk, straff og forsoning

Den tidlegare sørafrikanske, no australske forfattaren er her ein heilt annan stad enn han var i «Vanære», romanen han er mest kjent for og som gir eit nedslåande bilde av livet i Sør-Afrika nokre år etter at ANC kom til makta. Der er både miljø og konfliktar spesifikke.

I bøkene om Jesus har forfattaren vendt tilbake til ein meir allegorisk skrivemåte som han også har nytta tidlegare, der ei ulokalisert handling tydeleg skal kaste lys over andre spørsmål. Den som leitar, kan også ane ei strime av håp her.

Barnet David er ein spørjar. Om relasjonar: Er han foreldrelaus? Kan han byte ut Simon og skaffe seg ein annan farsfigur? Kva er lidenskap? Er det noko vaksne må ha for å få barn?

Vanskeleg nok å svare på, men det blir verre: Skal ein tilgje dei som gjer vondt med vilje? Dei som ikkje angrar? På den andre sida: Kva er alternativet? David kjem på sporet av dei største spørsmål etter å ha sett ein gutunge kaste stein på ei and, med fryd i blikket.

Guten som vil vere eit individ

Slik er det heile vegen: Spørsmåla spring alltid ut av konkrete situasjonar. Barnet utan namn, foreldre og fast adresse tek ingenting for gitt. Slik insisterer han på å vere eit individ og ikkje del av ein kategori.

Spørsmåla han tek opp er ikkje bundne til tid og stad, men både Dostojevskij og den sørafrikanske forsoningsprosessen i åra etter at ANC fekk regjeringsmakt kling med her. Ja, og Jesus. Trass den noko bastante tittelen kan David neppe tolkast som ein Jesus for vår tid. Det dei to likevel har felles, er ei evne til å sjå situasjonar med eit nytt blikk, og ikkje ta ting for gitt. Og dei er ikkje redde for å bore i sensitive spørsmål om moral, identitet, livet side om side med brotsmenn.

Ei historie som så tydeleg peikar ut over seg sjølv, kan bli hylande banal. I Coetzees uvanleg presise, vakre og brutale språk blir det tvert om stor kunst som søkk i lesaren. Slik skriv berre ein aldrande meister.

Passar for deg som:

  • liker å lese romanar i verdsklasse
  • liker å bli utfordra

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.