Hopp til innhold
Anmeldelse

Ny nedtur med Oksanen

Den finsk-estiske forfattaren Sofi Oksanen vart nærmast genierklært då ho debuterte med romanen «Stalins kyr» og ho fortente det. No har ho skrive ein roman som er tung å lese og lett å gløyme. Kva skjer?

sofi oksanen

Det er nesten ikkje til å tru at Sofi Oksanen, forfattaren bak «Stalins kyr» og «Utrenskning», står bak dette.

Nedturen starta med romanen «Da duene forsvant», som kom på norsk i 2013. Der forlet ho deler av suksessformelen frå dei to verkeleg store romanane ho har skrive.

Denne gongen, i «Norma», er ho endå lenger ute på viddene. Det er lov å fornye seg, men denne fornyinga er ikkje av det gode.

Oksanens bragd

Oksanens bragd var at ho greidde å flette saman den store historia frå 1900-talet slik den arta seg for Finland og Estland, med den vesle historia om ein familie eller ein landsby.

Eg gløymer aldri skildringa av den estiske bestemora i «Stalins kyr», som stadig mangla mat i dei harde åra, samankopla med det finske barnebarnet som et alt ho orkar for deretter å kaste opp. For begge var dette ein heildagsjobb.

Eller den snikande uhyggen som kom av at du aldri kunne stole på ei sjel, heller ikkje på dei du elska, slik ho skreiv det fram i romanen «Utrenskning». Personane var tredimensjonale og språket sanseleg, anten det galdt ei vellykka spy-økt over doskåla eller eit ufrivillig og ugreitt møte mellom ei gammal, syltetøykokande kone og ei prostituert russisk ungjente. Heile tida i slagskuggen av krig og storpolitikk.

Norma, omslag

Norma – Kassandra – Rapunsel

Denne gongen er vi i samtida. Romanen opnar med at Norma har følgt mor si til grava. Anita, som mor heiter, endte sine dagar på skinnene under ein T-bane og spørsmålet er om ho hoppa eller blei dytta.

Etter kvart utviklar historia seg til ein ufatteleg komplisert thriller, som mor så og seie kommenterer frå sidelinja gjennom ei rekkje videoar ho har spelt inn til dottera før ho døydde.

Gjenkjenneleg frå tidlegare romanar er rekkja av kvinner som må bruke all si kløkt for å overleve i ei hard verd. Navet i denne thrilleren er eit hårimperium bygd opp av den fæle ektemannen til Anitas barndomsvenninne. Her er naturleg hår gull verdt, og Anita sit på ei gullgruve: Norma har eit hår som veks ein meter i døgnet. Og ikkje nok med det; håret fortel henne om fårar som er på veg. Håret avslører vidare kva for sjukdomar tilfeldige forbipasserande ber på, og den hårfagre sjonglerer med ein heil cocktail av dop for ikkje å gå frå forstanden. Det går sånn passe.

Korleis denne Kassandra-Rapunselfiguren manøvrerer mellom skruppellause forretningsmenn med viltveksande hår og kraftig sjølvmedisinering, skal altså halde på interessa vår gjennom nær 300 sider. Det går ikkje.

Det hjelper ikkje at hår-imperiet også driv med illegal surrogati og dessutan har ein mislykka fabrikk for drikkevatn i Afrika.

Søkt intrige

Det er lett å forstå teikninga: Den som har makt over kvinnekroppen, her representert ved hårpryd og barnefødslar, kan bli rike. I dette vonde hår – og surrogatiimperiet er alle ute etter å karre til seg sin del av inntektene og fleire er villige til å gå over lik for å få det dei vil ha.

Men denne teikninga er i utgangspunktet søkt; mitt moralske kompass reagerer svært ulikt på at fattige kvinner sel flettene sine og at dei leiger ut livmora si til skruppellause bandittar. Denne koplinga er ikkje logisk og eignar seg best på ideplanet: Fattige kvinner blir utnytta for å skaffe fram det rike kvinner helst vil ha.

Ikkje for det: Hadde historia vore drivande god, hadde eg nok gått med på denne søkte teikninga også.

Kva så?

Men romanen er så langt frå god. Verken Norma eller dei andre i det ekstremt rike persongalleriet fenger. Det vonde imperiet står ikkje til truande. Historia er meir flokete enn Rapunsel-Normas hår etter ei lang natts søvn. For å hale det heile i land må fleire av personane gjere underlege rundkast undervegs.

Språket er flatt og uinspirert. Det er nesten ikkje til å tru at forfattaren bak «Stalins kyr» og «Utrenskning» står bak dette.

Eit litt underleg sidedrama utspelar seg på aller siste side. Der poserer forfattaren sjølv, hårfager som alltid, i gammaldags undertøy på eit svart-kvitt foto. Bildet spelar nok på at ein slektning av Norma, med tilsvarande hårvekst som henne, drog til USA der ho blei eit populært motiv på såkalla franske foto. Ho er forresten aktiv også etter at ho for lengst er død.

Men kva så? For denne lesaren blir dette rollebildet nok ein effekt i ein roman som har for mykje av slikt allereie på tekstsidene.

Kulturstrøm

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters