Hopp til innhold

Redaktør tek sjølvkritikk

– Både eg og andre journalistar fordeler rollene raskt. Me finn fram til offer og skurk, mektig og uskuldig, seier Harald Stanghelle. Han meiner media førehandsdømmer uskuldige.

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle, politisk redaktør i Aftenposten, er ikkje nøgd med avisa si dekning av saka rundt dei to såkalla «skandalekirurgane» ved Nordlandssykehuset.

Foto: NRK

– Det var ein augeopnar for meg.

Slik kommenterer Harald Stanghelle reportasjen «Syndebukkene» som stod på trykk i A-magasinet i slutten av juni i år. Den handla om to utanlandske kirurgar ved Nordlandssykehuset som i fjor sommar vart skulda for å ha fjerna organ frå friske menneske.

Kirurgane vart utsett for eit tøft mediepress, også av Aftenposten der Stanghelle er politisk redaktør.

Begge kirurgane har no flytta i frå Noreg. I ettertid har Helsetilsynet konkludert med at dei to ikkje hadde noko ansvar for at Nordlandssykehuset braut lova.

– Aftenposten gjorte openbart feil, ikkje minst då me sette på trykk ein leiar med tittel "Når kirurger får gå amok". Me og andre aviser gav eit inntrykk av at desse kirurgane opererte berre for moro skuld. Det var heilt feil å skulda på to enkeltpersonar når det var systemet som svikta, seier Stanghelle.

Aftenposten vart seinare kritisert, men ikkje felt, i Pressens Faglige Utvalg, PFU.

Treng "djevelens advokat"

I ein kronikk i Aftenposten laurdag ramsar Harald Stanghelle opp fire saker, der han meiner media har vore delaktig i å førehandsdømma uskuldige. I tillegg til kirurg-saka nemner han:

– Desse sakene er ulike, men liknar på kvarandre i at dei endra seg svært mykje over tid. Sakene såg enkle og opplagte ut i starten, men det offentlege biletet av dei endra seg etterkvart, seier Stanghelle.

Saka held fram under biletet.

Kohinoor er samboer med Ali som ble slått ned i Sofienbergparken.

Ali Farah vart forlate skada i Sofienbergparken. Det skapa eit massivt mediekøyr, både mot han og sambuaren hans Kohinoor Nordberg (på biletet), og ambulansesjåfør Erik Schjenken som køyrde i frå Farah.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Me i media må bli flinkare til å bruka fleire kjelder, og me må aktivt søka motekspertisen, seier Stanghelle.

Han etterlyser ein slags "djevelens advokat" i alle nyheitsredaksjonar, ein person som kan stilla dei vanskelege spørsmåla.

– Det bryt vel med det journalistiske slagordet "sjekk aldri ei sak i hel"?

– Det er eit godt uttrykk, men eit elendig utgangspunkt for god journalistikk, seier Stanghelle.

"Me kan ikkje venta på fasiten."

– Det er alltid slik at me i etterpåklokskapens lys ser at me kunne ha gjort ting annleis, seier Lars Helle, sjefredaktør i Dagbladet.

Avisa vart i Oslo Tingrett dømt til å betala ambulansesjåfør Erik Schjenken ein million kroner i oppreising for å ha trykka ærekrenkande uttalingar. Avisa har anka dommen.

Lars Helle

Lars Helle, Sjefredaktør i Dagbladet.

Foto: Berit Roald / Scanpix

– Når det gjeld Erik Schjenken-saka så tok den utgangspunkt i at folk i Sofienbergparken såg ein ambulanse som køyrde i frå ein livstrugande skada mann. Derfor kasta media seg på saka. Det kan ikkje vera slik at me må sitja å venta på ein fasit i form av ein dom eller avgjersle fleire år seinare, før me kan skriva om saka. I så fall ville media hamna på kant av oppdraget vårt, seier Lars Helle.

Høyr debatten mellom Harald Stanghelle og Lars Helle her:

Meiner du media førehandsdømmer?

Diskuter saka i kommentarfeltet!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters