Hopp til innhold

Amerikansk band til sjukehus etter lastebilkrasj i Polen

Det norske bandet Shining slapp unna ulykka. Dei er oppvarmingsband for amerikanske The Dillinger Escape Plan på Europaturneen deira.

Det amerikanske bandet The Dillinger Escape Plan var søndag involvert i en ulykke med bandbussen.

Turnébussen til det amerikanske rockebandet The Dillinger Escape Plan blei påkøyrt av ein lastebil bakfrå. Ein kvinneleg politibetjent seier til den polske tv-kanalen TVN24 at 13 personar er skada og har hamna på sjukehus. Men ingen skal vere alvorleg skadde.

Heile bakdelen av bussen og ein tilhengar med instrument og konsertutstyr blei knust. Ulykka skjedde då bandet var på veg frå Warszawa til Krakow.

Vokalist i Shining, Jørgen Munkeby, fortel til NRK på telefon ifrå Polen, at bussen deira var eit stykke framfor bussen til det amerikanske bandet, og at dei ikkje fekk med seg ulykka.

På sin siste turné

The Dillinger Escape Plan

UTSETT FOR ULYKKE: The Dillinger Escape Plan, her frå Revolver Golden Gods Award Show i Los Angeles i 2013. F.v. Ben Weinman og Greg Puciato.

Foto: Chris Pizzello / Ap

The Dillinger Escape Plan, som er på avskjedsturné, skal etter planen spele åtte konsertar til i Europa. Kveldens konsert i Krakow er avlyst.

Tysdag skal dei er etter planen spele i Leipzig i Tyskland. Men Shining-vokalist og saksofonist, Jørgen Munkeby, seier til NRK at det nå er usikkert kva som skjer.

– Bandmedlemmene er spreidd på fleire ulike sjukehus for sjekk. Planen er at vi alle skal samlast i kveld og finne ut av kva vi skal gjere framover, seier Munkeby.

The Dillinger Escape Plan frå Morris Plains, New Jersey er for mange eit kjent amerikansk band, som har vore aktive i 20 år. Dette var altså deira siste turné før dei gjer seg for godt. 2. februar spelte bandet på Rockefeller i Oslo.

– Vi var på turné med dei i USA i 2014. Dei er kjende for å gå på scenen trass skader. Dei er ganske tøffe og toler ein støyt, seier Munkeby.

Shining

PÅ SCENEN: Norske Shining på scenen i Warszawa i går, rett før The Dillinger Escape Plan gjekk på scenen. F.v. Ole Vistnes, Tor Egil Kreken, Håkon Sagen og Jørgen Munkeby.

Foto: Jørgen Munkeby

Kulturstrøm

  • Deler av Twitters kildekode lekket på nettet

    Utdrag av Twitters kildekode har blitt lekket på nettet, og det Elon Musk-eide selskapet leter nå etter den ansvarlige.

    Ifølge et rettsdokument ble deler av kildekoden lagt ut på den Microsoft-eide plattformen Github. Den brukes for deling av kode for programvareutvikling.

    Det skriver The New York Times.

    Kildekoden ble postet av en bruker som kalte seg «FreeSpeechEnthusiast». Ifølge Github ble koden fjernet fredag på forespørsel fra Twitter.

    Nå har Twitter bedt en domstol i California om å gi informasjon som kan identifisere personen bak «FreeSpeechEnthusiast», ifølge dokumentet som ble levert domstolen 24. mars.

    Github har ikke svart på Reuters' spørsmål om hvorvidt de har gitt Twitter denne informasjonen. Twitter har heller ikke svart på en forespørsel om kommentar. (NTB)