Denne våren skal Newton besøka Joachim Ekeli og dyra på akvariet heile åtte gonger. Du skal få koma nært innpå slangar, krokodillar, sel, pingvinar, fisk og øgler. Det vil seia, så nært som fotografen turte å gå, for ikkje alle dyra på Akvariet i Bergen ser like snille ut. Dei blodtørstige cubakrokodillane og den store øgla på 1 meter og 70 centimeter freista det ikkje å ha nærkontakt med.
Slangar
Sjølv om det er mest fisk på akvariet, er det mange som synest at det er særlig spanande å gå ned i tropisk avdeling. Her er lyset dempa, og dei fyrste som helsar deg velkommen er tre digre pytonslangar i eit glasbur.
– Dei er utruleg vakre, seier Joachim om krokodillane, slangane og øglene.
Han plukkar ut ein stor tigerpyton og legg den over skuldrene sine. Slangen finn seg rolig til rette før den begynner og utforska verda utanfor buret sitt. Han strekker seg ut mot kamera og vil helsa på, og luktar med den kløyva tunga si.
Slimete
– Mange trur slangar er slimete, men den er heilt tørr og glatt og ta på. Og denne her er veldig snill og grei, fortset Joachim.
Joachim innrømmer at han i starten var litt redd for reptilar, og at han har fått seg nokre bitt og klor. Men det høyrer med til jobben. Etter kvart har han blitt flinkare til å lesa dyra, og dyra er blitt trygge på Joachim.
Denne søte selen eter fisk, og ikkje myntar! (Foto: NRK/Ingelin Røssland)
Nært på dyra
I jobben som dyrepassar har Joachim fått eit nært forhold til dyra, og han har hatt triste opplevingar med dyr som har døydd og magiske stunder med dyr som viser særlig tillit.
– Det verste eg har opplevd i jobben min, var då ein av selane våre døydde.
Joachim fortel at selen hadde ete myntar som dei besøkande hadde kasta ut i selbassenget. Selen fekk frykteleg vondt i magen av alle myntane han hadde ete, og måtte opererast. Under operasjonen gjekk det gale, og selen døydde.
– Då blei eg utrulig lei meg, seier Joachim Ekeli.
Ein fisk som blei frisk
Det er heldigvis sånn at sjuke dyr også kan bli friske igjen. På Akvariet fekk dei inn ei diger kveite på 160 kilo som måtte pleiast for å bli frisk.
– Det som var kult var at fisken etterkvart skjøna at det vi gjorde med den, gjorde den frisk. Den kjente oss igjen og kom frivillig bort til oss. Utruleg artig å sjå at ein fisk kunne få ein sånn tillit til oss, det hadde eg aldri trudd, seier Joachim.
Akvariet skal speila ulike havsmiljø, derfor har det mange ulike sortar fisk (Foto: NRK/Ingelin Røssland)
Akvariet
I 1960 blei Akvariet i Bergen opna, og dei har så mange ulike artar at dei som jobbar der ikkje har tal på det sjølv ein gong. Joachim forklarer at kvart av kara med fisk skal visa ulike miljø i havet, og derfor er det mange ulike artar i kvart av dei, alt frå børstemark og slimål til steinbit, torsk og små haiar.
– Det som er viktig for oss er at folk skjønnar at naturen er mangfaldig, flott og noko vi må ta vare på før det er for seint. Samtidig vil vi visa litt av historia, og at Noreg til alle tider har vore avhengig av den lange kystlina, avsluttar Joachim Ekeli.
Fin kontakt! Foto: Akvariet, Bergen