Prisen blir kvart år delt ut til ein person som har gjort vesentleg innsats for norsk kulturliv. Prisen er på 500.000 kroner.
Allsidig
- Jon Eikemo er ein av desse som har gjort teater til ei sak for folk flest. Fordi inga oppgåve har vore for stor eller for liten, har Eikemo lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet. Han viser at det er mogleg å bruke sitt eige språk på scena, heiter det i Kulturrådets grunngjeving.
Jon Eikemo er fødd i 1939 og kjem frå Breistein i Åsane i Hordaland. Etter utdanning ved Statens teaterskole, der han i 1959 hadde praksis ved Nationaltheatret, debuterte han på Riksteatret i Namsos i 1961 med rolla som Paul i Medmenneske.
Han har vore tilsett ved seks av dei fremste teaterscenene i landet; sidan 1978 ved Det Norske Teatret. I tillegg til mange roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener. I 1979 fekk han Spelemannsprisen for Jon Eikemo les Jakob Sande.
Ordmektig
- Orda har stor plass i Jon Eikemo si formidling. Å formidle ordkunst slik Eikemo har gjort i snart femti år, er ein ærespris verdig, ikkje minst fordi han har gjort ordkunsten viktig for så mange. Han representerer heile breidda av kunstnarlege uttrykk i nynorsk scenekunst - frå Brecht til Sande, seier Kulturrådets leder, Vigdis Moe Skarstein.
Norsk kulturråd har delt ut sin årlege ærespris sidan 1968. Tidligare prisvinnare er blant anna Alf Prøysen, Arne Skouen, Arne Nordheim, Anne-Cath Vestly, Arve Tellefsen, Liv Ullmann, Kjartan Slettemark, Jon Fosse og Jan Garbarek. I fjor gjekk æresprisen til designaren Bruno Oldani.
Prisen deles ut i Oslo Konserthus, Lille Sal, torsdag 6. desember kl. 20.00.
(NTB)