A-ha fyllde Ullevål stadion åttande juni i fjor, med nesten 25 000 publikum. Det vert trangt om plassen med kun 5000 plassar i Trondheim. vert trangt oFoto: Knut Fjeldstad / SCANPIX.
Problema har stått i kø den siste veka for UKA i Trondheim. Med Snoop Dogg kansellering og pengar som truleg er tapt, har dei siste dagane vore tøffe innrømmer festivalsjef Kristian Wright.
- Ja det har gått hektisk for seg, men no skal vi jaggu meg feire.
Tidlig fredag kveld kunne nemleg festivalsjefen og ein heil gjeng med iherdige eldsjeler slå seg på stortromma. A-ha kjem til Trondheim 3. november for å halde eksklusiv konsert under årets UKA03.
- Eg er i halvkoma etter å ha fått den endeleg stadfestinga. Det er så enormt og så stort, at eg vert heilt skjelven av å tenke på det, jublar festivalsjefen.
Dyrt og eksklusivt
Dei bookingsansvarlege i UKA har arbeida med å sikre seg Noregs største popgruppe sidan februar.
Dei tre medlemmane i A-ha har dei siste månadane vore mest kvar for seg. - Å samle heile bandet til kun ein konsert i Trondheim er svært dyrt, seier festivalsjefen for UKA. Her Morten på scena i Sveits i fjor. Foto: AP Photo/Keystone, Franco Greco
I utgangspunktet var svaret negativt, men etter å ha lagt seg langflate for alle krav kan festivalen skilte med kontrakt tredje november.
- Vi har jobba døgnet rundt med dette i lengre tid. Det har vore svært så spennande å følgje med på framdrifta. Vi fekk endeleg ja berre for eit par timar sidan. Difor er eg no så stolt over å kunne fortelje det.
- Dette er ikkje billig?
- Nei langt i frå. Det er dyrt å sikre seg A-ha til Trondheim. Husk på at dette er kanskje Noregs mest populære popgruppe gjennom tidene. Både Morten, Magne og Pål driv for tida på med sine eigne prosjekt. Det gjer det svært vanskeleg å få til ein konsert i Trondheim.
Pengesumma festivalen har lagt på bordet vil festivalsjefen ikkje ut med. Truleg handlar det om millionar. A-ha er kjend med å ta skyhøge honorar for eksklusive konserter. Dei er heller ikkje ofte å sjå på festivalar.
- Vi flyg faktisk inn bandet direkte frå Russland og Kreml, der dei skal ha ein opptreden dagen før.
Kast deg på telefonen
I tillegg til eigen kapital har UKA henta inn ein del pengar frå sponsorar. Utan det, hadde det aldri vore mogeleg i følgje festivalsjefen. No oppfordrar han folk til å vere raskt ute med å sikre seg billettar.
- Då A-ha spelte sin eksklusive konsert på Ullevål i Oslo i fjor, vart 25.000 billettar seld ut på to timar.
Bilettane er på plass hjå Posten og Billettservice allereie frå laurdag morgon klokka 08.00. Prisen er 390 for medlemmar og 480 for ikkje medlemmar. (Tilsvarande for Snoop Dogg konserten var 340/390!!)
Festivalstaden der A-ha kjem til å stå på scena, er eit stort innleidd telt i Dødens Dal.
Jobbar vidare med andre
Sjølv om A-ha er rekna for å vere eit svært stort og dyrt musikknamn, vil festivalen i Trondheim likevel arbeide vidare med andre namn.
NRK.no/musikk får stadfesta av festivalen at det ikkje er snakk om å hente A-ha inn som ein erstattar for Snoop Dogg, som avlyste sin konsert.
- Vi arbeider vidare med eit stort R&B eller hip-hop namn i tillegg til A-ha. A-ha er i poppsjangeren, men vi gjev oss ikkje med berre dei.
Pengar tener festivalen likevel neppe på å hente A-ha inn til Trondheim. Med det skyhøge honoraret er A-ha mest henta inn for å blidgjere folk.
- Tenk deg det da, A-ha i Dødens Dal med "Manhatten Skyline" frå scena. Eg skal heim straks og spele A-ha hits heile natta, jublar festivalsjef Wright.