Det er akkurat som med helseministeren. Han har fortalt oss utallige gangar at røyking er farlig. Han har fylt røykpakkane med så mange advarslar mot røyking at ein nesten må bruke lupe for å finne logoen til sigarett-typen. Men likevel står mange av den utdøande rasen ”røykerar” steilt på sitt, og innhalerer vidare…
”Dei har tydeligvis ikkje skjønt poenget”, tenker sikkert helseministeren, så då er endå ein advarsel på gang: ein ekstra advarsel lagt oppi røykpakken.
”Vi får vite kva melk og alle andre produkt inneheld, så då skulle det berre mangle at vi ikkje får vite kva sigarettane inneheld óg,” blir det sagt frå helsehold.
Ja, eg syns eg ser den røykeren som har klart å styre unna alle anti-røyke-kampanjane både på tv, radio og kino; som har oversett skremmande plakatar og stygge blikk frå dei andre i køen idet han kjøper sigarettpakken, og utrulig nok ikkje har lagt merke til at det står ”dette tar livet av deg!” over heile vara han nettopp har fått i hendene. Og så opnar han pakken, dreg opp ein lapp der det står ”sigarettar inneheld tjære og nikoton og er igrunn livsfarlige greier”, eller noke i den duren.
Og så kvepper han til, og brølar ut ”NEEII!, er det farlig, det her? Er det nikotin i sigarettane?” Og så kastar sigarettane og lovar seg sjølv å aldri innhalere noke anna enn frisk luft, før han bryter sammen og begynner å gråte…
Nei, eg ser ikkje heilt for meg at det vil skje.
Og sammenlikinga med melk som kjem frå helsehold er ganske søkt. Sjølv er eg ikkje-røykar, men eg var temmelig avhengig av melk ei stund. Likevel veit eg langt meir om innholdet i røyk enn i melk på grunn av alle anti-røyk-kampanjane.
OK! Men ny advarsel oppi røykpakka er tydeligvis på veg uansett. Det er eigentlig ikkje min business, men viss helseministeren virkelig ikkje trur at alle røykerane er klar over helsefaren ved det dei gjer, så vågar eg meg på å foreslå noke som i alle fall vil vere virkningsfullt:
Ikkje ein stakkarslig lapp oppi pakken, for den må jo lesast, og det er ikkje så lett i den tette røyken som omkransar dei ivrigste tobakksslavane.
Ein må gå vekk frå å lage røykpakkane som ei russisk matiorska-dukke, der du må ta vekk lag på lag med advarslar før du til slutt finn ein bitteliten sigarett innerst.
Nei, kva med å heller la seg inspirere av eit anna leiketøy… troll i eske. Sånn at når du opnar røykpakken… sprett det opp eit likbleikt ansikt med ein sneip i munnviken, som hostar litt før han åndar ut.
Det hadde hatt effekt det!
ADVARSEL: Eg veit denne advarselen kjem litt seint, sidan den står nederst på sida. Uansett; eg vil advare mot eit latterlig dårlig skriftspråk her i "Arilds absurditorium", som ikkje er rikskringkastinga verdig. Men ikkje hiss deg opp og ring til Bernander i sinne, for alt har si forklaring. Desse historiene er nemlig skrive for muntlig framføring på mi langt frå gramatisk riktige dialekt. Så pliiiis; ikkje klag til sjefen min, då?