Meld av Arnhild Skre
Journalisten som følgjer toppolitikarar i valkampen og deretter skriv bok, har danna ein eigen sjanger. I den finst nokre få strålande titlar, og mange fleire floppar. Stjerneeksemplet på det første, er Hunter S. Thompsens «Fear and loathing on the campain trail», basert på Thompsons reportasjar for The Rolling Stone frå Nixons valkamp i 1972. Dramatisk, rå og full av subjektivt trøkk, kort sagt gonzo-journalistikk. Her heime forsøkte vår heimlege gonzo-journalist Herman Willis seg på noko liknande i Bondevik og Jaglands 39,6-valkamp i 1997. Men norsk politikk er ikkje særleg rik på spenning, vondskap eller politikarskurkar.
Slik sett er det prisverdig at politisk kommentator i VG, tidlegare rockemusikar, Frithjof Jacobsen, ikkje eingong ser ut til å ha forsøkt å skriva gonzo i boka han nå gjev ut om årets Høgre-valkamp og Erna Solbergs veg til statsministerstolen. Men Thompson-boka tonar i bakgrunnen og blir i alle fall for meg ein del av det som kan vera ein intendert undertekst. Kontrasten mellom «Fear and loathing» og «Prosjekt statsminister» forsterkar person- og valkampskildringa som står på linene i Jacobsen-boka: Her er det lite rock-and-roll å dra ut, enten ein leitar i Erna Solbergs fortid, i årets hektiske stemmesankingsturné eller i dei siste tre åras offensiv, den strategiomlegginga som Jacobsen kallar «Prosjekt statsminister».
Nåtida og vegen hit
Boka Jacobsen har skrive har dei siste seks vekene av valkampen som nåtidsplan. Han følgjer «Team Erna» gjennom eit halsbrekkande reise- og medieopplegg frå slutten av juli og fram til valnatta der partifellene jublar, skrålar og skålar, medan hovudpersonen «feiret valgseieren med et glass vann».
Inne i desse reportasjeprega og datosorterte tekstpartia, hoppar Jacobsen tilbake i tid til Solbergs tidlege liv og vegen inn i Høgre. Til partiformannsvalet og åra rundt 2005-valet då ho heldt på å bli kasta som partileiar. Vi får forsøk på vaksenopplæring i det norske politiske landskapet, i veljaråtferd og i Vestlandets omforming frå utkant til Gullkysten, sentrum for landets verdiskaping. Som tittelen peikar på, fortel Jacobsen også om strategien Solberg og rådgjevarteamet hennar legg for å få henne fram dit ho sit i dag. Vi får innimellom dette personteikning, eller i alle fall forsøk på ei slik.
Transformasjonen
Den nye statsministeren som fleirtalet av det norske folket har skaffa oss, er i følgje Jacobsen pirkete, påståeleg og pliktoppfyllande. Bakgrunnen hennar er nokså typisk i Bergen Høgre, ikkje Friele-Høgre, men nesten-Kalfaret. Ho har ein stor arbeidskapasitet og har dei siste åra lagt seg til ei ny ro, klare statsleiartakter, men også ein meir tydeleg folkeleg stil.
Den transformasjonen som Erna Solberg har gått gjennom dei siste åra, har mange av oss vore nyfikne på. «Prosjekt statsminister» skulle omskapa henne frå kjedeleg til trygg, frå tørr til kunnskapsrik, frå tung til solid. Ho skulle framstå som brubyggjar på borgarleg side. Velgja sine debattar med sans for det vesentlege. Og alltid vera korrekt på fakta og stø i analysar.
Dette fortel Jacobsen oss, så her får vi eit lite innblikk, men det blir for lite og for grunt. Slik dessverre også det meste elles i boka er blitt mest overflate og lite djupdykk.
Kven er kjeldene?
Ein kan ha mange teoriar om kvifor denne boka ikkje er blitt særleg vellukka. Forfattaren har hatt dårleg tid, noko som viser seg i oppattakingar og mangelen på vesentleg refleksjon. Han har lagt opp til ein komposisjon med mange hopp i tid, noko som er krevjande og her fører til forvirring og brot på den spenninga som han skaper her og der i nåtidsforteljinga.
Den alvorlegaste svakheita i boka trur eg likevel kjem av to forhold: Mangel på tid med statministerkandidaten og for smalt kjeldegrunnlag. Mangel på nærleik til hovedpersonen, fører til dårleg personteikning. Han refererer enkelte intervjubrokkar, men ho ser ikkje ut til å ha gitt han mykje. Han observerer henne, men det kjem knapt meir ut av det enn vi alle har sett på fjernsyn. Det næraste han kjem nytt i personteikninga er eit lite parti der han skriv at ho har «nervøse hender» og reflekterer raskt over det.
I omtalen av transformasjonen og strategien går eg ut frå at han har rådgjevarane som kjelder, men dette kjem heller ikkje klart fram. I det heile er dette ei bok med svært på opplysningar om kva kjelder forfattaren bygger på. Slik mangel på tilvising kan gå i politiske aviskommentarar, men i bokform må tilliten til teksten skapast meir solid.
Det ser då også ut som han har hatt svært få kjelder. Eg lurer for eksempel på om skildringa av partiformannsvalet er sjekka med Per Kristian Foss, den andre nestleiaren som kunna ha rykka opp då Jan Petersen valde å gå av. Skal dette vera eit politikarportrett, saknar eg også skikkelegare omtale av tida hennar som statsråd i regjeringa Bondevik.
For lett
«Prosjekt statsminister. Erna Solberg og vegen til makten» byr ikkje på avsløringar og heller ikkje på mykje annan ny kunnskap. Boka er blitt for lett og overflatisk og kjem vel til å bli raskt gløymd. Vestlands-Høgre vil truleg trykkja boka til brystet i ei feiring av at dei vann, men vi andre kan venta på dei grundigare bøker om vår nye statsminister som eg reknar med - og verkeleg håpar - kjem.