Hopp til innhold

Velopplagt Kjærstad

Kjærstads nyaste roman er hans beste sidan 1999 og ikkje heilt ulik Jonas Wergeland-triologien.

Jan Kjærstad med noen av sine bøker
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Fleire kritikarar ser samanhengen mellom denne romanen og Jonas Wergeland-trilogien, og det er det all grunn til.

Walker og Wergeland har meir enn W’en felles: begge er svoltne på kvinner, liv og kunnskap, begge tenkjer stort og begge når svimlande høgder før dei - nei, vi veit ikkje korleis det går med Walker, kanskje han greier å bli verande på toppen?

Dagbok med brå kast

Sagt på ein annan måte: Kjærstad har levert sin beste roman sidan Wergeland forlet oss i 1999. Den nye W ber i det sivile liv namnet Odd Marius Walaker, og vi blir kjent med han som bråmogen fjortis gjennom dagbøkene hans. Som sin forgjengar får han brå innsikter gjennom brå, ytre hendingar. Dette skjer allereie på første side, der vegen til skulen går forbi nokon kastanjetre:

Jeg så for meg hvordan en av de grønne klumpene ville treffe meg så hardt at den sto i hodebunnen, omtrent som disse piggete jernkulene ridderne sloss med. Det har aldri skjedd, men denne dagen suste en frukt rett foran fjeset mitt, et grønt, tagget lyn, og SMALT i asfalten så jeg rykket til av – (ikke redsel, ikke overraskelse). Samtidig sprakk kapselen med et knakk, et knakk som tilsynelatende forplantet seg til skallen + liksom BIKKET tankene ut av kurs.” (s. 9)

Dermed er vi i gang. Kapselen deler seg i to, Walaker blir brødrene Walker og oppdagar W-potensen som ikkje har med brunst å gjere sjølv om det er rikeleg med brunst her også. Men denne spesielle potensen er knytta til kunnskap, og gjer vår mann i stand til å kople saman dei mest ulike kunnskapsområde med intuisjon, fantasi og metaforar som koplingselement. Slik gode, gamle Jonas også dreiv på.

W-potensen

Brødrene Walker har denne evna i eitpar intense år, så dabbar det av. Og når han som vaksen, er statsminister Walaker og brått blir ståande overfor ei katastrofe, står han hjelpelaus saman med dei hemmelege tenestene, regjeringa og heile apparatet: Dei greier berre å ta innover seg det som allereie er kjent i verda. Dei maktar ikkje å handtere det utenkelege.

Og då er vi over på ideplanet i romanen, som hyllar W-potensens koplingseigenskapar. Barn og kunstnarar blir heltar i historia, sjølv om dei også har sine unotar. På motsett side står vanetenkarar, autoritære lærarar, rigide pastorar og ganske spesielt medlemmer av AKP m-l som her får ein skikkeleg kilevink for å ha øydelagt alle teikn til intellektuelt liv i sine glansdagar.

Historia er styrken

Men det er ikkje ideplanet som gjer dette til ein lesverdig roman. Til det er bodskapen for insisterande eintydig- noko som er ekstra uheldig sidan vi skal heie på det mangetydige. Dessutan blir koplingskunstens fortreffelege eigenskapar litt for mykje ståande som ein påstand. Og: Denne koplingsideen er ikkje vidareutvikla sidan Wergelands tid, det eg kan sjå.

Styrken ligg derimot i historia om brødrene Walker, som taklar dobbelrolla som klønete fjortis og søkande menneske. Han får både vere større enn livet og ynkeleg liten, og han snublar inn i humoristiske episodar og i interessante personar. Ideane knirkar litt i koplingane, mens historia, den lever.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters