Hopp til innhold

– Ein del av den norske samtalen

Facebook-sjef trur god nettilgang og norsk fjesbok er grunnen til at nordmenn er blant dei ivrigaste i verda på nettsamfunnet.

Video Facebook-topp om Noreg

SJÅ VIDEO: Facebook-toppen snakkar om kvifor det er så mange nordmenn på Facebook.

I dag var den europeiske sjefen for offentleg politikk i Facebook, Richard Allan, på noregsbesøk. Han deltok på eittårsjubileet til nettsida slettmeg.no og snakka om personvern og vidare utvikling av Facebook.

– Facebook er blitt ein del av den norske samtalen, seier han til NRK.

I dag er halvparten av Noreg på Facebook, og 62 prosent av brukarane er innom nettsida kvar veke .

The Social Network

Over to millionar nordmenn er på Facebook. Filmen om nettenesta heiter 'The social network'.

Foto: Columbia Pictures

På norsk

– Spesielt land med god Internett-tilgang har fått mange Facebook-brukarar kjapt. Noreg er eit av desse landa, fortel Allan.

Han trur god nettilgang kombinert med ein norsk versjon, både på bokmål og nynorsk, er grunnen til at Noreg er blant landa med flest Facebook-brukarar i forhold til folketalet.

Sletting av profilar

Facebook har tidlegare fått kritikk for at det er for vanskeleg å forstå personvern-innstillingane deira, og spesielt når det gjeld sletting av profilar.

– Det er mogleg å forlate Facebook. Ei moglegheit er å deaktivere kontoen sin slik at den blir usynleg. Då ligg all informasjonen der framleis slik at du kan aktivere den igjen. Om ein vil slette profilen sin for godt må ein ta kontakt med oss, og vi vil fjerne den, seier Facebook-sjefen.

Dersom informasjonen har spreidd seg vidare til andre nettstadar er det opp til dei å fjerne det, ifølgje Allen.

Video Facebook-topp om sletting av profil

SJÅ VIDEO: Facebook-toppen snakkar om korleis du kan slette profilen din.

– Brukarane eig alt

Allen meiner Facebook samarbeider godt med Datatilsynet om personvern, og har nettopp difor tatt turen til Noreg.

Ifølgje han er personvern noko nettenesten tek svært alvorleg.

– Brukarane eig alt dei legg ut. Dei kan når som helst fjerne innhald dei ikkje vil ha på Facebook. Vi treng tillatelse til å leggje ut informasjonen deira på tenesta vår, men det er deira data, forklarar Allen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters