Hopp til innhold

81-åring fekk toppjobb

Den amerikanske dirigenten Lorin Maazel (81) er tilsett som ny sjefdirigent i München-filharmonien. – Dei eldste dirigentane sit inne med ein kunnskap vi yngre ikkje kan måle oss med, seier den norske dirigenten Ole Kristian Ruud.

Lorin Maazel

Lorin Maazel tek i desse dagar over som sjefdirigent i München-filharmonien.

Foto: Dieter Nagl / AFP

I desse dagar held Lorin Maazel sine første konsertar som sjefdirigent for München-filharmonien. Maazel skulle eigentleg ikkje starte i jobben før 2012/13-sesongen, men sidan den tidlegare sjefdirigenten Christian Thielemann rauk uklar med leiinga i orkesteret, tok han over eit knapt år før planen.

Les: Hun er første norske kvinne i mannsbastion

Dirigerte New York-filharmonien i Nord-Korea

Lorin Maazel

Lorin Maazel.

Foto: Oliver Lang / AFP

Lorin Maazel har hatt ein lengre og meir innhaldsrik karriere enn dei fleste dirigentar kan drøyme om. Han vart rekna som eit vidunderbarn, og dirigerte NBC-orkesteret på radio allereie som elleveåring.

På 1970-talet var han sjefdirigent for Cleveland-orkesteret, og på 1980-talet dirigerte han nyttårskonserten i Wien fleire år på rad. På 2000-talet leidde han New York-filharmonien, mellom anna under orkesterets besøk til Nord-Korea i 2008.

Attraktive for unge musikarar

Ole Kristian Ruud, professor i dirigering og orkesterleiing ved Norges Musikkhøgskole, ser høg alder som ein fordel i dirigentrolla:

– Dei eldste dirigentane sit inne med ein repertoarkunnskap og kjennskap til tradisjonen som vi yngre ikkje kan måle oss med, seier Ruud til NRK.no.

– Dei vidarefører tolkingar og særpreg som ikkje er like vanlege i dag, og unge musikarar er gjerne ivrige etter å jobbe med dei.

Ingen grunn til å gi seg

Han ser ingen grunn til at dirigentar skal gi seg tidleg om helsa er god nok til å halde fram:

– Dirigentar er kjende for å jobbe til dei stuper, og det er ikkje uvanleg for dirigentar å vere aktive til dei er langt oppi åra. Det kan vere vanskeleg å halde fram dersom ein får dårleg hørsel eller minnet sviktar, men mange 80-åringar i dag er jo svært spreke.

Ruud er ikkje det minste bekymra for at Lorin Maazel skal vere for gammal for jobben:

– Maazel er kjend for sin store kunnskap, eit ekstremt godt øyre for musikken og godt minne, og han er frisk og opplagt.

Fleire veteranar i bransjen

Herbert Blomstedt

Herbert Blomstedt.

Foto: AP Photo/Orchestra Verdi / AP

Den 78-årige italienaren Claudio Abbado er kanskje den mest suksessrike veteranen i bransjen i dag. Han speler i år inn ei rekkje cdar, til dømes saman med den kinesiske pianisten Yuja Wang, som nyleg vitja Oslo Konserthus. Seinare denne sesongen skal han mellom anna dirigere Berlin-filharmonien.

Les: – Pianoet er eit leiketøy for meg

Andre dirigentar i øvre aldersklasse som held seg i toppdivisjonen, er nederlandske Bernard Haitink (82), austerrikske Nikolaus Harnoncourt (81) og svenske Herbert Blomstedt (84).

Les: Får køyre musikkens Mercedes

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.