Hopp til innhold

24-åring skal dirigere Oslo-Filharmonien

Dei neste sju åra skal finske Klaus Mäkelä vere sjefdirigent for Oslo-Filharmonien. Med det er han ein av tidenes yngste dirigentar for eit europeisk symfoniorkester.

Klaus Mäkelä

SKRIV HISTORIE: Med sine 24 år er finlendingen Klaus Mäkelä ein av dei yngste sjefdirigentane i Eiropa nokon gong.

Foto: Oslo-Filharmonien

Karismatisk. Målbevisst. Stor mental kapasitet. Slik blir den finske dirigenten skildra.

Denne veka møtte 24-åringen orkesteret for fyrste gong sidan koronaen braut ut i mars. Både dei på scena, dei i salen og finnen sjølv beskriv det som ein spesiell dag.

– Det er heilt fantastisk å sjå musikarane att, og det å offisielt starte. Vi har spela saman før, men dette er fyrste dagen i ei ny historie. Det var heilt strålande, og orkesteret spelar heilt nydeleg, seier Mäkelä.

Klaus Makela 11.08.20. Oslo Konserthus

SPESIELT MØTE: Fyrste dagen på jobb var spesiell både for den finske dirigenten og orkesteret. Nå øver dei hardt fram mot sesongopninga på søndag.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Ettertrakta

Mange assosierer sjefdirigentar med å vere grå i håret eller stiv i ryggen. Men trass i eit ungt liv, har han lenge levd i den musikalske verda.

Han vaks opp i ein musikalsk heim med begge foreldre som musikarar. Allereie som 12-åring byrja han å studere direksjon, samtidig som at han utmerka seg på cello. Det har gjort han svært ettertrakta.

– Han har fyrst og fremst ein heilt eineståande musikarpersonlegdom. Ein eineståande leiar. Han har ein heilt spesiell autoritet og evne til å leie eit orkester, seier administrerande direktør i Oslo-Filharmonien, Ingrid Røynesdal.

– Det at han startar sin karriere som sjefdirigent hjå oss er veldig stort, legg ho til.

Klaus Makela. Oslo-Filharmonien

EKSEPSJONELL: Eksepsjonelt moden er ord som er brukt om Klaus Mäkelä.

Foto: Oslo-Filharmonien

Dei neste sju åra skal Oslo-Filharmonien vere hovudorkesteret hans.

I tillegg til det er Mäkelä fyrste gjestedirigent for Sveriges Radios symfoniorkester, kunstnarisk leiar for Turku Music Festival og residensartist i Tapiola Sinfonietta.

Og frå neste år skal han også dirigere filharmonien i det som er kunstens by, nemleg Paris.

Korleis kjennest det å ha oppnådd så mykje på så kort tid?

– Eg trur eg er veldig finsk. Finlendingar likar ikkje å prate om seg sjølv, seier han og ler.

– Men eg kan godt snakke om orkesteret. Eg ser veldig fram til å jobbe med Oslo-Filharmonien. Dei har ein heilt særeiga lyd.

Annleis sesongstart

Koronaen har gått hardt utover kvar enkelt menneske i verda.

Også kulturbransjen har blitt hardt ramma, og tapt millionar i inntekt. Kinoar, teater og Filharmoniar må følgje strenge restriksjonar. Sesongstarten blir difor annleis enn Mäkelä hadde sett for seg.

– Vi har blant anna måtta endra repertoaret. Men det har også gjeve oss moglegheiter.

Og i staden for å glede 1400 publikummarar i ein full sal, må han og orkesteret framleis nøye seg med 200 publikummarar.

Publikum er så klart det viktigaste for oss. Men sjølv om det blir veldig annleis, så vil den same intensiteten vere der, og det handlar om kvaliteten – ikkje kvantiteten – på publikummet.

Klaus Makela. konsert. Oslo Filharmonien

KONSERT: Det blir meir intime konsertar framover på grunn av at koronaen har sett ein stoppar for fulle salar.

Foto: Oslo-Filharmonien

Røynesdal framhevar at ho lenge har hatt håp om å auke talet på publikum til 500, når salen er så stor som Oslo Konserthus, men at ho har stor respekt og forståing for innstramminga som er gjort.

Så langt har dei gjort suksess med gratiskonsertar på internettet, og jobbar døgnet rundt med å finne nye løysningar på korleis dei kan nå ut.

– Det vi har lært denne tida er at vi må finne nye løysingar, og sjå etter nye moglegheiter. Foreløpig har vi ikkje vald å ta betaling for digitale konsertar. Men det kan endre seg, seier direktøren.

Kvar konsert vil bli spesiell

Mäkelä trur likevel at folk har innsett at kulturen er ein viktig guide i ei vanskeleg tid.

– Eg trur det viktigaste vi har innsett under karantene er at kulturen er det som guidar oss gjennom ei krise. Dei fleste av oss har nå brukt tid på å lese bøker, sett på filmar, lytta på musikk, seier Mäkelä.

– Med alt slitet, og med lock-downen som har vore nå, så trur eg kvar konsert vil bli heilt spesiell.

Oslo-Filharmoniens fyrste konsert for sesongen kan sjåast på NRK 1 kl. 19.30 på søndag.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.