Hopp til innhold

Ser mørkt på kulturbransjens framtid

Regjering opnar ikkje for arrangement med over 500 personar. – Langtidseffektane blir alvorlege, seier Tone Østerdal i Norske Konsertarrangører.

Cezinando, konsert på Sentrum Scene den 6. mars 2020

RESTRIKSJONAR: Frå Cezinando sin konsert 6. mars i år. Sentrum Scene må sjå langt etter å kunna fylla opp lokalet sitt som vanlegvis har plass til 1750 personar.

Foto: NRK / Javier Auris

– Vi er nøydd til å bremse for å behalde kontroll. Det betyr at vi behaldar grensa på 200 personar på arrangement, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie under regjeringas pressekonferanse fredag.

Arrangørar av kultur- og idrettsarrangement har lenge levd i håpet om å kunna ha opp til 500 personar frå og med 1. september.

Fleire aktørar har også bedd om å endre tolkinga av 1-metersregelen.

Nå målar ein frå skulder til skulder, i staden for å måle frå ansikt til ansikt. Det fører til betydeleg nedgang i kapasiteten i kino- og konsertsalar.

– Éin ting er festivalsommaren, men no heng også julekonsertar i ein tynn tråd, seier dagleg leiar Tone Østerdal i Norske Konsertarrangører.

– Ingen kulturliv igjen

Østerdal bekymrar seg for kulturbransjen som allereie ligg nede.

– For mange arrangørar er 200 personar altfor få til å kunna halda ope. Spesielt i kombinasjon med éinmetersregelen slik han er tolka i dag. Me er avhengige av større kapasitet for å kunna opna fleire stader, seier ho.

Tone Østerdal

ÉINMETERSREGELEN: Tone Østerdal i Norske Konsertarrangører meiner éinmetersregelen bør tolkast annleis enn han blir i dag. Ho meiner han bør gjelda frå nase til nase.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Solberg åtvara torsdag om auka smitte og for låge skuldrer.

– Me skal bremsa, for at me skal sørga for at me ikkje skal få ein bråstopp. Ingen av oss vil tilbake til situasjonen i mars, sa Solberg til NRK torsdag.

Østerdal har forståing for at styresmaktene er bekymra og må ta grep, men meiner dei då må utvida kompensasjonsordninga til bransjen og komma med andre krisetiltak.

– Elles har dei ikkje noko kulturliv igjen.

– I verste fall må vi stengje igjen

Østerdal får støtte av Guttorm Petterson, administrerande direktør i Film & Kino, som er redd for å måtte stengje kinoane igjen viss det ikkje skjer ei oppmjuking av restriksjonane.

– Kapasiteten er så dårleg for augeblikket at det blir vanskeleg å få film, spesielt dei store norske filmane på lerretet. Vi tapar mykje pengar på det og folk får ikkje eit attraktivt tilbod.

– Får vi ikkje film, må kinoane bli stengde. Det var jo ikkje meininga. Meininga var at samfunnet skulle bli gradvis opna igjen, seier han.

Guttorm Petterson i Film & Kino

HARDT RAMMA: Det er ikkje berre kinoane som er hardt ramma av korona. Også mange av årets filmfestivalar er avlyste.

Foto: Cathrine Elnan/NRK

For tre veker sidan hadde han, og fleire aktørar i kulturlivet møte med Kultur- og Helsedepartementet og Helsedirektoratet for å revurdere tolkinga av 1-metersregelen.

Han innrømmer at han blir skuffa viss det ikkje blir ei endring. Spesielt sidan Helsedepartementet er imponerte over smitteverntiltaka dei har gjort.

– Det er urimeleg at kinoane ikkje kan bruke annan kvart sete, når det er tillat med kvart einaste sete på kollektiv transport som fly, tog, T-bane og buss.

Kulturstrøm

  • Paltrow frifunnet for skiulykke

    Hollywood-stjernen Gwyneth Paltrow er frifunnet for anklager om at hun var skyld i en skiulykke i Utah i 2016, melder Reuters. Paltrow var saksøkt av en lege som hevdet at hun kjørte inn i ham i skibakken slik at han fikk varige skader.

    Mannen saksøkte Paltrow for over 30 millioner kroner, mens hun i sitt motsøksmål ba om én dollar i erstatning. I vitneboksen fortalte hun at hun hadde blitt påkjørt bakfra. Juryen fant at Paltrow ikke var å laste for ulykken.

    Gwyneth Paltrow i retten i Park City i Utah
    Foto: Rick Bowmer / AP