Tapte søksmål mot Oslo-Filharmonien
Rettsorganisasjonen TONO saksøkte Oslo-Filharmonien (OFO) for 1,8 millionar kroner fordi dei meiner Filharmonien har betalt for lite for framføring av musikk dei siste åra.
Kravet nådde ikkje fram. TONO tapte på alle punkt i Oslo tingrett og er i tillegg dømd til å betale OFO sine sakskostnader på drygt 1,1 millionar krone.